Gå til sidens hovedinnhold

Færre vil bli lærar: – Søkjartala er dramatiske

Talet på personar som søkjar seg til lærarutdanning, har stupt under koronapandemien. Dramatisk, meiner Pedagogstudentene.

Tal frå Samordna opptak viser at lærarutdanning er det studieområdet med prosentvis størst nedgang i talet på søkjarar, skriv Dagens Næringsliv. Det er 553 færre søkjarar enn i fjor, ein nedgang på 4,3 prosent.

– Pandemien har vore enormt krevjande for lærarar både i skular og barnehagar, og dette blir no vist i søkjartala. Søkjartala er dramatiske, seier leiar i Pedagogstudentene Elise Håkull Klungtveit til DN.

Det er andre året på rad med nedgang i tala, og sidan toppen i 2019 er talet på førstevalssøkjarar redusert med 12 prosent.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken