Gå til sidens hovedinnhold

Færre har Høgskulen på Vestlandet som førsteval

Men ingeniørutdanninga i Førde har litt fleire søkarar enn i fjor, og nesten like mange vil bli sjukepleiarar som i rekordåret 2020.

Det melder Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei pressemelding torsdag.

Ingeniørutdanninga i Førde har litt fleire søkarar enn i fjor, og nesten like mange vil bli sjukepleiarar som i rekordåret 2020, viser ferske tal frå Samordna opptak, melder HVL.

Det er ti fleire enn i fjor som har ingeniørutdanning i Førde som sitt førsteval i Samordna opptak.

Sjukepleiarstudiet er framleis det mest populære i Førde. 164 personar har dette som førsteval, og det er 89 plassar på studiet.

I 2019, då rekordmange søkte på studiet, var det 169 som hadde sjukepleiarstudiet i Førde som førsteval, opplyser HVL i pressemeldinga.

– Søkartala til sjukepleie i Førde ligg på eit stabilt nivå, og vi har også gode søkartal til masterprogramma i klinisk sjukepleie, seier prorektor for utdanning, skriv Bjørg Kristin Selvik.

Den nyoppretta mastergraden i avansert klinisk allmennsjukepleie har fått 37 søkarar på 30 studieplassar. Mastergraden organisasjon og leiing, helse- og velferdsleiing har opptak annakvart år i Førde, og har fått 94 førstevalssøkarar til 15 studieplassar.

Totalt er det litt færre som har Høgskulen på Vestlandet som førsteval enn i fjor. Nedgangen for HVL i år er på 1,2 prosent. Nasjonalt går årets søkartal opp med 2,2 prosent, opplyser høgskulen sjølv.

Les også

Desse skal leie Høgskulen på Vestlandet

Kommentarer til denne saken