Trafikken over Sognefjorden kjem til å gå litt saktare enn vanleg tysdag morgon. Litt over klokka sju melde Vegtrafikksentralen i Vest at B-ruta var innstilt på ferjestrekninga Lavik-Oppedal.

Klokka 09.30 skal ferja på B-ruta etter planen gå som normalt, med avgang frå Oppedal.