Farleg last skal på ferja på rv. 5 – maks 12 passasjerar får om bord

Ein spesialtransport er venta på Mannheller – Fodnes på 12.00-avgangen frå Fodnes.

DEL

Denne spesialtransporten gjer at det blir redusert framkomst på sambandet. Det vert meldt av Vegtrafikksentralen Vest måndag.

Kva nøyaktig som skal transporterast er ikkje meldt, men det er omtala som farleg last.

Grunna denne lasta får ferja berre ta 12 passasjerar denne overfarten frå Fodnes til Mannheller.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken