På kort tid har NVE endra varselet for flaum frå gult til oransje, for å så endre til raudt farenivå. Dette er det høgste farenivået, og det er meldt om 50 til 80 millimeter nedbør fredag. Lokale stader kan det kome meir.

Elise Trondsen, vakthavande på flaumvarslinga til NVE, fortel til Firda at det er Indre Sogn som vil vere mest utsett.

– Vi er aller mest bekymra for Indre Sogn, områda rundt Sogndal, Årdal, Lærdal, Luster og Voss, seier Trondsen.

Sjeldan stor nedbørsmengde

Ho fortel at snøen på fjella er nesten vekke og at nedbøren kan føre til bresmelting. I tillegg er det ei uvanleg stor nedbørsmengde for til å vere i indre strøk.

– Ytre strøk er meir vande med å få mykje nedbør, både samfunnet og naturen. Det har som regel regna frå seg når nedbøren kjem til indre strøk, så dette er sjeldan store nedbørsmengder, seier ho.

Delar av Sunnfjord kommune er også innan for det raude varselet, men Trondsen fortel at det er venta mindre enn Indre Sogn.

– Vi ser at nedbøren har mindre effekt rundt Førde. Det er likevel ein dag ein skal ta sine forholdsreglar og heller glede seg over om det kjem mindre nedbør, seier ho.

– Skal lite til

Det er fredag at det raude varselet er sterkast og Trondsen seier at det vil minke i løpet av laurdags ettermiddag. Det er stor fare for at det flaumar over, stengde vegar og anna infrastruktur.

– Det skal lite til for at det rasar ut på elvekantar eller at vatn tar seg der det ikkje skal vere, lagar nye løp og fyller seg opp, seier ho.

Trondsen ber folk vere varsame, spesielt nær elvekantar. Ho anbefaler også å fjerne verdiar for utsette område.

Fredag blir det meldt om raudt farevarsel for flaum. Slik ser Jølstra i Førde sentrum ut klokka 11.45. Video: Kai Aage Pedersen

– Har du ein campingvogn ståande nær vatn, flytt den lengre bort om det la seg gjere. Flytt også verdiar frå kjellaren, seier ho.

– Kva gjer du om du oppdagar flaum?

Er det fare for liv og helse ta kontakt med naudetatane. Det er kommunen som står for beredskap, så det er også viktig å ta kontakt med dei.

Trondsen seier også at ein kan melde frå på regobs.no.

– Men alltid politi og kommune først, seier ho.

Firda kjem tilbake med meir.

Har du bilde eller video av uvêret? Tips oss her eller send ein e-post til [email protected].