Farevarsel om høg vasstand onsdag og torsdag

HØG VASSTAND: Hafstadparken i Førde med høg vasstand ftidlegare

HØG VASSTAND: Hafstadparken i Førde med høg vasstand ftidlegare Foto:

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om høg vasstand på Vestlandet.

DEL

Meteorologisk institutt melder på yr.no tysdag at vasstanden er venta å stige 50–56 centimeter over høgda oppgjeve i tidevasstabellen. Vasstanden er venta å vere høgast klokka 12.00 onsdag.

Det står at faren aukar klokka 10.00 onsdag føremiddag og vil vere over klokka 15.00 onsdag ettermiddag. Sehavnivå.no melder om ein vasstand på 198 cm i Førde by klokka 11.53.

Hald avstand til strandsona

Meteorologisk institutt tilrår å halde avstand til vatnet i strandsona og halde auge med båtar. Dei oppmodar om å sikre lause gjenstandar inne i naust og elles i strandsona.

SLIK ER VARSELET: Varselet frå Meteorologisk institutt viser at faren er høgast onsdag ettermiddag denne veka.

SLIK ER VARSELET: Varselet frå Meteorologisk institutt viser at faren er høgast onsdag ettermiddag denne veka. Foto:

Den høge vasstanden kan potensielt føre til oversvømmingar og moderate øydeleggingar på infrastruktur og bygningar nær havet, melder dei.

Oransje farevarsel

I beskrivinga for kor store fare vasstanden kan medføre, står det på hjelp.yr.no at oransje farevarsel varslar om ein sjeldan og alvorleg situasjon der det er reel fare for at liv og verdiar kan gå tapt.

Vegar kan bli stengde og kollektivtransport kan bli kansellert. Ein bør vurdere om det ein har planlagt å gjere er trygt.

Artikkeltags