Får 800.000 kroner til å ta vare på kulturhusa

FIKSAR: Her jobbar Huset i Bygda med Gravdal skule i Vågsøy.

FIKSAR: Her jobbar Huset i Bygda med Gravdal skule i Vågsøy. Foto:

Organisasjonen Huset i Bygda tar vare på kulturhus. I år får dei 800.000 kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

DEL

I 2016 starta eit samarbeid mellom Sparebankstiftinga og Huset i Bygda om økonomiske tilskot til lokale kulturhus. Ordninga har vore svært viktig for å auke både merksemd om og standard på dei lagseigde kulturhusa.

– Ein stor del av aktivitetsauken kan tilskrivast Huset i Bygda sitt arbeid med å rettleie eigarane av kulturhusa. Dei har òg vore ein viktig partnar med sin store kunnskap om aktiviteten og historia til kulturhusa i fylket, seier kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

– Til det beste for kulturhusa

– Eg er glad for denne tillitserklæringa – og at vi kan fortsette det gode samarbeidet med Sparebankstiftinga, til det beste for kulturhusa i Sogn og Fjordane, seier Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda.

Kulturhusa er viktige møteplassar og er mykje brukt av alle generasjonar til sosialt samvære og variert aktivitet. Mange av husa treng etter kvart utbetring og ombygging. Dette arbeidet er kostnadskrevjande, og ein stor dugnadsinnsats frå eigarar og lokalsamfunn er avgjerande.

– Sparebankstiftinga er svært nøgd med det gode samarbeidet med Huset i Bygda, og har difor vedteke å gje dei ei gåve på 800.000 kroner. Dette er ein auke på 150.000 kroner frå 2019, og er eit uttrykk for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt ønske om å vere ein føreseieleg partnar for lokale kulturhus i Sogn og Fjordane.

Gåva vil som før gå til bygningsmessige tiltak i lagseigde kulturhus, og Huset i Bygda er ansvarleg for å ta i mot og handsame søknadane.

Artikkeltags