Gå til sidens hovedinnhold

Får 23 millionar til bedrifta – no jaktar dei ny sjef

Artikkelen er over 2 år gammel

Bulandet Miljøfisk meiner dei kan gi meir miljøvenleg oppdrett. No skal dei bruke dei neste åra på å bevise det.

– No kan vi for alvor starte opp arbeidet med neste fase, seier Hans Haddal, styreleiar i Bulandet Miljøfisk AS i ei pressemelding.

Har fått 23 millionar

Selskapet har fått 23 millionar kroner i tilskot frå Innovasjon Norge til eit pilotprosjekt som skal gå over dei tre neste åra. I tillegg har dei fått 20 millionar kroner i innovasjonslån.

Samarbeidet med Innovasjon Norge er direkte utløysande for realiseringa av prosjektet, seier Haddal i pressemeldinga.

Lakselus og hjartelidingar

I pilotprosjektet skal det utførast omfattande forsking- og utviklingsarbeid. Her skal driftsmodellen til selskapet, som dei kallar «Bulandet-modellen» under lupa. Håpet er å dokumentere miljøeffekten til Bulandet-modellen.

– I piloten skal vi i tillegg til effekt på lakselus, sjå på blant anna semi-intensiv resirkulering av sjø utan bruk av biofilter, og trening av postsmolt for å auke robustheit særleg mot dei aukande problema med CMS (Hjertesprekk) og andre hjartelidingar, melder Haddal i pressemeldinga.

Selskapet har fått fem konsesjonar til å produsere laks på land. Dette blir gjort ved å plassere kara på land i eit sund og samstundes under havnivå. På denne måten utnyttar dei tyngdekrafta til å sende sjøvatn gjennom anlegget.

Skal rekruttere driftsleiar

Bulandet Miljøfisk er i gang med å gjere seg klar for pilotfasen med blant anna rekruttering av driftsleiar i Bulandet.

Ifølge styreleiaren har dei eit breitt kompetansemiljø innan akvakultur bak seg. Han viser mellom anna til Aksello i Florø, der dei er tilknytt som inkubatorbedrift, samt Akvahub AS i Leirvik i Sogn, som er ansvarleg for mellom anna prosjekteringa.

Også Universitetet i Bergen følger pilotprosjektet tett. Sigurd Handeland, amanuensis ved Universitetet i Bergen seier dei i lag med Akvahub skal dokumenterer fiskevelferda.

– Bulandet Miljøfisk sitt pilotanlegg representerer ein unik mogelegheit til å dokumentere ein ny oppdrettsmodell basert på norske fortrinn, seier Handeland i pressemeldinga.

Bulandet Miljøfisk AS

Stifta i 2015 av Oddmund Storesund, Ola Sveen og Anne Margrethe Grepstad.

Har som visjon å realisere Bulandet-modellen for landbasert oppdrett.

Søkte fem landbaserte konsesjonar for lokaliteten Gjørøy N. i juli 2016.

Tildelt fem landbaserte konsesjonar for lokaliteten Gjørøy N. i august 2017.

Tatt opp som Inkubatorbedrift i Aksello i Florø i 2018.

Samarbeider med Akvahub, NORCE og UiB om Forsking og Utvikling.

Kjelde: Bulandet Miljøfisk AS

Les også

Får 1 million i gåve frå banken. Asbjørn (33): – No får eg ein jobb å gå til

Les også

Nytt selskap skal gjere Hyllestad til eit kompetansesenter for havbruk - Asbjørn (33) skal leie det heile

Kommentarer til denne saken