Tidlegare i år skreiv Firda om at Langeland skisenter vil bygge ut rulleskibane for rulleski og sykkel til 8 millionar kroner. Slik skal Langeland bli eit heilårsanlegg.
Fredag ettermiddag blei det klart at Kulturdepartementet har tildelt skisenteret 2,2 millionar kroner slik dei har søkt om, for å finansiere utbygginga.
Trur det er avgjerande
Kjetil Bjørset, styreleiar i Langeland skisenter, fekk beskjeden då Firda slo på tråden fredag.
– Du verda! Det var flott, var hans første reaksjon.
Bjørset trur midlane vil vere avgjerande for resten av finansieringa av prosjektet.
– Dette er ei av fleire viktige brikker. Det blir god drahjelp å ha fast fisk i botn, når vi skal søke midlar andre stadar, seier han.
Skisenteret skal søke spelemidlar, midlar frå kommune og fylkeskommune, samt drahjelp frå private for å finansiere dei 8 millionane anlegget er estimert å koste.
Viss alt går etter planen er det realistisk å begynne arbeidet med rulleskibana i løpet av neste år.
– Men då må alt klaffe, understrekar Bjørset.
Viktig for langrennsmiljøet
Nordfjord og Sogn har allereie rulleskibaner, så det er på tide å få på plass eit anlegg i Sunnfjord, meiner styreleiaren.
– Det er viktig fordi vi har den største langrennsgruppa i fylket no. Det er viktig for rekruttering til miljøet og for å få skiløparane vekk frå riksvegane og ut av trafikken, seier Bjørset.
Det meiner også Anne Lilleaasen, leiar for langrennsgruppa i Gaular og listekandidat for Gaular Høgre.
– Det har vore ei utfordring i forhold til rulleskitrening for løparane. Spesielt for dei unge, som det ikkje har vore forsvarleg å sleppe laus på trafikert veg, så er dette fantastisk, seier ho.
Ho er glad dei er eitt steg nærare å kunne tilby unge utøvarar treningsfasilitetar også på sommarstid.
– Ski er den norske folkesjela, no er rulleski blitt ein del av det. Dette er prikken over i-en og viktig i eit folkehelseprespektiv for å få folk opp og ut, samtidig som det er sosialt, seier Lilleaasen.
Det er 2-kilometer-løypa som i første omgang skal asfalterast.
– Dessutan gir det eit fullverdig treningstilbod til dei som satsar. Det er viktig for utviklinga på toppnivå, legg ho til.