Får 18 millionar til 59 studenthyblar i Vieåsen

Av

Sju studentsamskipnader rundt om i landet, og dessutan éi bustadstifting, får til saman 726 millionar kroner for å byggje til saman 2.000 nye studentbustader.

DEL

Pengane fordeler seg på 17 byggjeprosjekt i studentsamskipnaden i Oslo og Akershus, Østfold, Søraust-Noreg, Gjøvik, Ålesund og Trondheim, Vestlandet, Innlandet, Noregs arktiske studentsamskipnad og Blindern studentheim, opplyser Kunnskapsdepartementet.

Mellom prosjekta som no får pengar er oppføring av 59 nye stydenthyblar i Vieåsen i Førde. Vel 18 millionar blir løyvd til dette prosjektet.

Studentsamskipnadene søkte i år om tilskot til 2.475 hybeleiningar. Regjeringa prioriterer prosjekt som kan byggjast raskt og gir dermed midlar til 2.000 hyblar.

Prosjektet som får mest pengar, nær 130 millionar kroner, er Elvesletta studentbustader i Longyearbyen.

Studentbustader på Svalbard får dobbel tilskots- og kostnadsramme på grunn av særskilde byggjetilhøve. Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus får 108,3 millionar kroner til prosjektet sitt på Kringsjå i Oslo.

– Leigekostnader er ofte den største enkeltkostnaden for studentar. Derfor blir det bygt nytt frå Porsgrunn, Ålesund og heile vegen opp til Svalbard, slik at fleire studentar får tilgang til rimelege og gode studentbustader, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

(©NPK)

Artikkeltags