Politiet fekk søndag morgon melding om ein båt som vart funnen drivande i Barmsundet, sør for Selje i Nordfjord.

Dei fann ikkje registreringsnummer på båten, og hadde ingen informasjon om kven som eigde den. Politiet sette derfor i gang ein redningsaksjon.

Hovudredningssentralen koordinerer aksjonen. Det er sendt redningshelikopter til staden, i tillegg til redningsskøyte og ressursar frå brannvesenet.

Politiet har også patrulje på staden.

Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, presiserer at ingen personar er meldt sakna.

Klokka 10:36 melder Politiet via Twitter at dei har fått kontakt med eigaren. Han har hatt båten liggande i hamn i Selje, og det er ikkje han som har nytta båten. Båteigar veit ikkje kven som har tatt båten vekk frå staden der den låg fortøydd.

Kort tid seinare melder hovudredningssentralen at opplysningane tyder på at båten har blitt stolen. Eit vitne observerte ein person ombord i ein tilsvarande båt like før klokka 08.00 søndag morgon utanfor Rundereim.

Klokka 11.36 melder Hovudredningssentralen at dei har ingen nye opplysningar., og at ingen framleis er meld sakna. Redningshelikopteret i Florø har returnert til basen. Fartøyet Sjøbjørn frå kystvakttskipet Tor har vore i området og søkt, men har no forlatt området.

Redningsskøyta Simrad Buholmen og Raudekrossen i Vågsøy søker framleis i området.

Klokka 12.56 melder Vest Politidistrikt at dei er komne i kontakt med ein person som blir mistenkt for tjuveri av båten som seinare vart funnen drivande. Søket er avslutta.