Gå til sidens hovedinnhold

Familien til den smitta i Kinn testa negativt

Familien til personen i Kinn som er smitta av den muterte virusvarianten frå Storbritannia, har igjen testa negativt. Det skriv NRK. Testresultata kom måndag kveld.

– No har dei testa negativt fire gonger, seier kommuneoverlege Jan Helge Dale til NRK.

Søndag stadfesta Dale til Firda at ein person i Sogn og Fjordane var blitt smitta av viruset. Personen kom til Kinn frå Storbritannia i midten av desember. Ifølgje han er det lite sannsyn for at dette påverkar smitta i lokalsamfunnet.