Ungdom får gründerpris for berekraftige stiar

DEN NYE BALLBINGEN: Pumptrack er eitt av produkta Rekkje Stiutvikling har utvikla. Det er ei sykkelbane, som har potensial til å bli den nye ballbingen, reklamerer selskapet.

DEN NYE BALLBINGEN: Pumptrack er eitt av produkta Rekkje Stiutvikling har utvikla. Det er ei sykkelbane, som har potensial til å bli den nye ballbingen, reklamerer selskapet. Foto:

Ei sykkelbane med bogar og kular, utforma for å trakke og «pumpe» seg gjennom er utvikla i Sogndal. Hjernane bak fekk fylkeskommunens gründerpris for ungdom i dag.

DEL

– Rekkje Stiutvikling held til i Sogndal og har spesialisert seg på å lage berekraftige stiar som toler belastinga frå auka sykkel- og fotturisme. Produktet deira treff blink på aktivitetsbasert reiseliv, eit segment som er i sterk vekst, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Prisen er på 50.000 kr.

Gründer og dagleg leiar fram til tysdag, Roald Eidsheim, var på plass under fylkestinget 24. april for å ta imot prisen. Med seg hadde han Njål Sund, som er ny dagleg leiar.

Artikkelen held fram under bildet.

DIPLOM OG PENGAR: Frå prisutdelinga på Hermansverk onsdag,  f.v. juryleiar Jakob Andre Sandal (SV), Njål Sund, Roald Eidsheim og fylkesordførar Jenny Følling.

DIPLOM OG PENGAR: Frå prisutdelinga på Hermansverk onsdag, f.v. juryleiar Jakob Andre Sandal (SV), Njål Sund, Roald Eidsheim og fylkesordførar Jenny Følling. Foto:

Prisen er ein diplom – og 50.000 kroner.

Stor vekst på kort tid

– Årets vinnar er komen godt i gang og kan vise til vekst i den korte levetida si. Selskapet har vakse til tre årsverk og fire sesongstillingar. Oppstarten var ikkje berre lett, men selskapet har klart å tilpasse seg motgangen og endre retning etter behovet i marknaden. Det er no på veg inn i ein vekstfase, sa nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob Andre Sandal (SV), under prisutdelinga.


Artikkeltags