Har du høyrt om oxofon før? Slik ser den ut

NYTT INSTRUMENT: Karl Seglem har utvikla eit nytt instrument. Oxofon.

NYTT INSTRUMENT: Karl Seglem har utvikla eit nytt instrument. Oxofon. Foto:

Oxofonen er eit heilt nytt instrument, som Karl Seglem er den einaste som spelar.

DEL

– Lyden frå horn av bein triggar noko i meg som er vanskeleg å sette ord på. Det er søken etter ei urkraft og det er lyden av noko som er svært mykje eldre enn meg sjølv, seier Seglem, i ei pressemelding.

Instrumentet oxofon er laga av eit gammalt tysk oksehorn og eit sax-munnstykke.

– Lyden kan karakteriserast som noko mellom sopransax og altsax – men med ein sprøare og mjukare lyd, sidan hornet er av bein og ikkje metall, forklarar Karl Seglem.

Seglem, som er ein av fylkets mest kjende musikarar, kjem med ny singel denne veka. Og namnet? Ikkje uventa er det «The Oxofon».

Artikkeltags