Inga gruvedrift i Grimelid

INGA DRIFT: Hausten 2014 var geolog David Hakes på plass i dei gamle kopargruvene i Grimelid. No er det bestemt at selskapet legggruveplanane til side.

INGA DRIFT: Hausten 2014 var geolog David Hakes på plass i dei gamle kopargruvene i Grimelid. No er det bestemt at selskapet legggruveplanane til side. Foto:

ASKVOLL: Britane i Kodal Minerals vil heller bruke tida på gull og litium i Vest-Afrika.

DEL

– Då dei begynte med dette tenkte eg at no får eg svar på det eg har lurt på i heile min vaksne alder, kva som kunne vere att av koparkis i gruvene. Men no får vi vel ikkje svar på kva som ligg i berget, seier Dag Bentås.

Han er næraste nabo til dei gamle gruvene i Grimelid og har vandra mellom raudbrune koparhaugar i ein mannsalder.

I 2014 begynte det britiske mineralselskapet Kodal Minerals å leite etter kopar og sink i gruvene frå 1700-talet. Rapportane som kom var lovande.

Luke Bryan, dåverande administrerande direktør, sa dette til Firda i juli 2015:

– Vi fann kopar med reinheit på åtte prosent. Det er veldig bra når gruver kan drive lønsamt på 1-1,5 prosent.

Frå glede til skuffelse

Selskapet rigga seg med pengar og utstyr til fleire undersøkingar, men svara var ikkje lenger like gode. No, tre år etter, legg selskapet planane til side.

I ein rapport publisert 28. september blir det konkludert med at Kodal Minerals ikkje vil investere meir i prosjektet. Dei vil heller ikkje halde på leiterettane.

Robert Ian Wooldridge, ny administrerande direktør, er noko ordknapp på telefon frå England.

– Vel, eg er ingen geolog, men problemet var nok at vi fann for lite mineral av høg kvalitet.

Han forklarer at dei fann fleire anomaliar - avvik frå annan berggrunn - som dei undersøkte, men at det var vanskeleg å avgjere om avvika innheldt høgverdig eller lågverdig sink- og koparmalm. Nokre av avvika vart også bora, men med varierande resultat.

Sjølv om han skildrar funna i Grimelid som små og varierande, unngår Wooldridge å svare på det store spørsmålet: Er førekomsten godt nok undersøkt? Han seier i staden at dei ikkje hadde gode nok svar til å bruke meir ressursar.

Ser mot Vest-Afrika

Wooldridge skuldar heller ikkje på prisane. Både kopar og sink ligg no ifølge nettstaden infomine.com godt over det som har vore gjennomsnitt dei siste tiåra.

– Grimelid-prisane er heilt OK. For å vere ærleg vil Kodal Minerals bruke tida og ressursane våre på litium og gull i Vest-Afrika. Selskapet sikra seg rettar til førekomstar der og er særleg interesserte litium.

Kodal Minerals har namnet sitt frå Kodal i Larvik/Andebu, der selskapet ville vinne ut fosfat. Arbeidet med planlegging og løyve har tatt lang tid og prosjektet har stoppa opp. Kodal-prosjektet ikkje blir sletta frå porteføljen. Likevel, det britiske selskapet med det norske namnet, som i starten var veldig interessert i Norge, har no vendt nasen mot Vest-Afrika.

Gir ikkje opp

Bentås trur framleis på gruvedrift, men kanskje ikkje i hans levetid.

– Ja, dei finn stadig nye måtar å drive på, og om marknaden er der så trur eg det kan bli drift, seier han og får støtte frå Einar Alsaker som er fagleg rådgjevar i Sunnfjord Geo Center.

– Absolutt! Men det må gjerast ei heilt anna kartlegging enn den som er gjort. Eg snakka med han geologen som var her, og han var eigentleg samd i det, men det er tid- og ressurskrevjande. Med nøyaktig kartlegging trur eg ein kan klare å finne dei områda der koparen er anrika, seier Alsaker.

Bentås kan kanskje likevel få svar på kva som ligg i fjellet utan vidare undersøkingar. Kodal Minerals pliktar ifølge Direktoratet for mineralforvaltning å rapportere inn kva dei har funne etter at dei har gitt frå seg leiterettane.

Artikkeltags