Ingvill vil leve av å vere eldre-venn

Trur på ideen: Ingvill Hafstad trur på ideen sin om Gla Omsorg. Så står det att å sjå om forretningsideen verkar i kvardagen.

Trur på ideen: Ingvill Hafstad trur på ideen sin om Gla Omsorg. Så står det att å sjå om forretningsideen verkar i kvardagen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Ingvill Hafstad trur mange eldre treng nokon til å handle for seg, lage mat, eller berre stikke innom og ta ein prat. – Spørsmålet er om nokon er villig til å betale for det.

DEL

I jula i fjor bestemte Ingvill Hafstad seg: No fekk det vere nok lærarjobb for ei stund.

– Eg hadde jobba som lærar ved Førde ungdomsskule i fjorten år, og det var det eg hadde gjort her i livet. Begynte der som nyutdanna, og der vart eg verande. Det er ein jobb eg elskar, men så i fjor haust begynte eg å kjenne på at eg var litt lei. Det er mykje stress å vere lærar, forventningar frå foreldre, ungar, kollegaer, ikkje minst deg sjølv. Klasserommet elskar eg, men det er så ufatteleg mykje møteverksemd utanom. I jula tok eg avgjerda: No skulle eg prøve noko nytt.

Ut i uvissa

I februar gjekk ho ut i permisjon, utan å ane kva ho skulle ta seg til.

– Men det gjekk ikkje så lenge før eg begynte å tenke at kanskje eg kunne gjere ein forskjell for eldre folk. Det høyrer med at eg har ei bestemor på 91 år inne i Sogn, akkurat no bur pappa der, men eg tenkte på at hadde han ikkje gjort det, skulle eg ønske det fanst nokon eg kunne bestilt der inne, til å gå innom eit par timar i veka. Det kunne eg og søster mi ha spleisa på, om ho trong hjelp til å handle, gå ein tur på kafe, eller berre stikke til Sogndal ein tur.

Ein tanke var sådd.

«Alle» støttar henne

– Så begynte eg å tenke på at eg trur ikkje det finst nokon i Førde som gjer slikt. Men eg høyrer jo om folk i heimesjukepleia som fortel at dei har ikkje tid til å gjere meir enn det aller mest naudsynte, og så lufta eg ideen med vener og kollegaer, og alle sa «For ein knallidé!».

Så no kastar Ingvill seg ut i det.

– Det er ikkje sikkert eg hadde tort å ta steget fullt ut, om ikkje mannen min hadde vore så støttande. Han er skikkeleg gira på ideen. Det å kaste seg ut i noko slikt, det er jo ikkje eigentleg meg ...

For Ingvill har levd eit skikkeleg A4-liv, så langt:

Selskapsdame

– Eg har jo det. Det var ungdomsskule, rett på gymnas, så jobba eg eit år, og så rett på lærarskulen i Sogndal, og så rett inn i same jobben i tretten år. Eg er litt vel fornuftig, likar at ting er føreseielege.   

– Og no går du ut og fortel til alle som vil høyre på, at dei kan leige deg som ... selskapsdame.

– Jah! Rett og slett! Det er jo det! Ingvill ler godt.

Betaler for vaskehjelp

– Eller, eg veit ikkje. Eg veit ikkje kva folk treng hjelp til. Kanskje skal dei ha slått ein plen, kanskje vil dei ha meg med å handle, eller eg kan handle for dei, kanskje kan vi lage mat saman, eller kanskje vil dei rett og slett berre ha litt selskap no og då? Eg trur det finst mange eldre rundt om som er veldig einsame, og som og treng hjelp til praktiske ting. Eg trur det finst mange pårørande som sit fast i tidsklemma med ungar og aktivitetar og smekkfulle dagar, som ville blitt glade for å vite at det var nokon som alltid stakk innom, at mor eller far ikkje vart sitjande åleine i vekevis.

– Men er folk villige til å betale for det?

– Nei, det er jo det store spørsmålet. Men folk betaler no for litt av kvart. Dei betaler for vaskehjelp, for å få lufta hundane sine, for personleg trenar, kanskje vil dei betale for at nokon tek seg av foreldra deira og?

Artikkeltags