Definisjonen på mobbing

Rakel Rose Øvretveit.

Rakel Rose Øvretveit. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SpaltistDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Då eg gjekk på barneskulen lærte eg ein definisjon på mobbing: «Mobbing er noko som går føre seg jamleg over lengre tid, og offeret er ofte svakare stilt, og skil seg litt ut frå dei andre.» Lærarane våre sa eg viss vi opplevde noko slikt, så måtte vi sei ifrå. Eg brukte mange år på å tenke på denne definisjonen. Den surra rundt i hovudet mitt kvar dag, når dei slengde skjellsord, fraus meg ut, eller brukte vald mot meg. Eg hadde lært at ein definisjon var absolutt. Eg var lita, og som alle andre barn forstod eg ting særs bokstaveleg. Eg hadde ikkje moglegheit til å vurdere eller reflektere. Det vart nesten fatalt for meg.

Då eg vaks opp var eg ein av dei ressurssterke ungane. Eg let meg ikkje vippe av pinnen, og ingen såg på meg som svak. Nokre av medelevane mine syntest kanskje det var morosamt å sjå kor lang tid det tok å knekke denne ekstra harde nøtta. I tre år levde eg i eit giftig klassemiljø, der eg fekk skjellsord slengt mot meg opptil 100 gongar på ein dag. Lærarane mine blei etter kvart vande med at eg ikkje let meg merke med det, og då let heller ikkje dei seg merke med det. Når eg unnskylda meg for å gå på do, gøymde eg meg på toalettet for å grine. Pappa hadde sagt at eg ikkje måtte vise svakheit, så eg stålsette meg alltid før eg gjekk inn igjen i klasserommet. Nokre gonger sat eg og tenkte på denne definisjonen. «Eg er jo ikkje svak.» tenkte eg, så ingen kjem vel til å hjelpe meg.

– Før eg skulle starte i sjuande klasse sa eg til mamma at om eg får eitt vondt ord til, sluttar eg. Eg orka ikkje meir.

Eg fekk ikkje gjennomgå kvar dag. Nokre dagar var det ingen som sa noko. Andre dagar opplevde eg å bli banka opp av dei eldre ungane, og ein gong var det nokon som fann ut at det ville vore veldig morosamt å kaste meg på elva. Eg hadde lært at mobbing berre var mobbing viss det skjedde jamleg, men eg opplevde det som inkonsekvent. Eg blei redd for å sei ifrå, at ingen skulle tru meg eller syns at det var ille nok til å gjere noko med, og at ungane som plaga meg skulle bli sinte og gjere det verre.

Ein dag gjekk eg til skulen og så var det ein tanke som slo meg: «Kvar dag er det same. Kvar dag er like kjip og slitsam og einsam. Kva er liksom poenget.» Då var eg elleve år. Kvar dag når eg gjekk til skulen, gjekk eg over brua i sentrum av bygda. Eg hadde høyrt om folk som kasta seg frå bruer. Brua heime var nok ikkje høg nok, tenkte eg. Men så ville eg jo flyte nedover til Sandefossen etter kvart, og då ordna det seg vel. På veg til skulen haldt eg tankane opptekne med å skrive sjølvmordsbrev inni hovudet mitt. Eg var aldri nærleiken av å faktisk avslutte livet mitt, men det var ein trøystande tanke å ha den moglegheita.

Hadde det ikkje vore for at eg hadde denne definisjonen banka inn i hovudet mitt så hadde eg kanskje sagt ifrå lenge før. Då hadde kanskje andre i klassa mi sloppe å gjennomgå det same som meg. Eg klandrar ikkje dei som gjekk i klassa mi den gongen. Vi var born, og born forstår ikkje kva konsekvensar handlingane deira kan ha. Eg klandrar lærarane. Eg klandrar lærarane som såg det, men som aldri greip inn. Eg klandrar lærarane som kjefta meg godt ut kvar gong eg tok igjen, men som aldri sto opp for meg. Og så klandrar eg denne definisjonen. Born tek ting bokstaveleg, og det er ganske mange mobbe-tilfelle som ikkje passar inn i den definisjonen i det heile.

Eg var heldig, og kom godt ut av det til slutt. Eg hadde foreldre som var glade i meg, og støtta meg, og etter kvart fekk vi også lærarar som tok tak i problema til klassen min. Det ordna seg for meg, men det kunne gått ganske gale, og det gjorde det også for andre eg kjenner. Eg sa aldri ifrå om det som skjedde med meg. Det tok fleire år før eg innsåg kor gale det hadde vore. Eg tenker framleis ganske ofte på denne definisjonen, og har komme fram til at ein ikkje bør gje 10-åringar ein definisjon på mobbing. Det kan vere livsfarleg.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken