Frå og med i dag får du meir i kontantstøtte

Frå 1. august har foreldre som vel vekk barnehagen krav på meir pengar. Då aukar kontantstøtta med 1.500 kroner.

Frå 1. august har foreldre som vel vekk barnehagen krav på meir pengar. Då aukar kontantstøtta med 1.500 kroner. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: Aukar med 1.500 kroner frå 1. august.

DEL

Frå 1. august har foreldre som vel vekk barnehagen krav på meir pengar. Då aukar kontantstøtta med 1.500 kroner.

Foreldre som ønskjer å vere heime med eitt- eller toåringen får frå 1. august tildelt meir pengar. Då aukar nemleg støtta frå 6.000 til 7.500 kroner. Auka av kontantstøtta var eit resultat av regjeringas budsjettforhandling for 2017, der Kristeleg Folkeparti (KrF) foreslo å auke støtta til 9.000 kroner, melder NRK.

I dag har foreldre rett til å få utbetalt skattefri kontantstøtte for alle born mellom 13 og 23 månader, om barnet ikkje går i barnehage som har offentleg driftstilskot. Støtta blir maksimalt gitt i 11 månader.

Eit fleirtal i utvalet som har sett på støtta til barnefamiliar, går inn for å fjerne den. Også Velferds- og migrasjonsutvalet (Brochmann I-utvalet) frå 2011 føreslo å fjerne kontantstøtta av integreringsomsyn.

– Vi ønskjer ein reell valfridom for barnefamiliane. Skal det vere reell moglegheit til å både velje kontantstøtte og bruke meir tid med borna, så må den aukast, sa Knut Arild Hareide (KrF) under budsjettforhandlingane i oktober i fjor. (ANB-NTB)

Artikkeltags