Foreldre brukar 1 milliard på skulestarten

KONKURRANSE: Konkurransen om dei som skal starte på skulen snart er hard. Difor er det sal på skulemateriell.

KONKURRANSE: Konkurransen om dei som skal starte på skulen snart er hard. Difor er det sal på skulemateriell. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

LANDET RUNDT: Norske foreldre kjem i år i snitt til å bruke 1.340 kroner per barn til skulestart. Foreldra bør tenkje på kjøpepresset dei bidreg til, seier forbrukarøkonom.

DEL

Medan foreldra i 2016 i snitt planla å bruke 985 kroner på skuleutstyr, hårklipp, nye klede og sko til skulestarten, har beløpet no auka til 1.341 kroner. Det viser ei ny undersøking som Ipsos har gjort for DNB.

Heile 40 prosent av foreldra har planar om å bruke mykje meir enn dette. 25 prosent seier dei vil bruke mellom 1.500 kroner og 2.500 kroner, og 15 prosent seier at dei vil bruke meir enn 2.500 kroner.

– Dette er høge tal, og vi ser ein tydeleg auke samanlikna med 2016, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NTB.

– I det rikaste landet i verda er det lett å samanlikne seg med andre, og foreldre bør vere bevisste på at dei er med på å forsterke kjøpepresset dersom dei utstyrer barna sine med dyre merkeklede og den siste iPhone-modellen til skulestart, seier Sandmæl.

– Foreldre har eit ansvar for at alle føler seg inkluderte når barna byrjar på skulen, og då må ein tenkje over kva signal ein sender, meiner forbrukarøkonomen.

– iPhone har fått stjernestatus

Ei undersøking som Respons Analyse gjorde for DNB 2016, viste at seks av ti foreldre opplever kjøpepress, og at mange føler seg pressa til å kjøpe varer dei eigentleg ikkje har råd til eller treng. Særleg opplever ungdomsskuleforeldre eit kjøpepress.

– Kor stort kjøpepresset er, avheng truleg av kor i landet ein bur. Presset for å kjøpe dei dyraste tinga er sannsynlegvis størst i dei områda foreldra tener mest, seier Mari Rysst, førsteamanuensis ved Høgskulen i Innlandet og forskar ved SIFO (Statens institutt for forbruksforsking).

– Særleg har iPhone fått ein slags stjernestatus i barnemiljøa, og det ser ut til at det blir stadig yngre barn som får ein iPhone, seier Rysst.

Ho seier kjøpepresset nok er vanskelegast å takle for barn i ressursfattige familiar som bur i område med store sosiale forskjellar, der det er vanskeleg å leve opp til standarden barna frå rikare familiar set.

Rysst seier det er vanskeleg å ha ei meining om 1.340 kroner eller meir er «for mykje» å bruke på skulestarten.

– Det kan hende at nokon har utsett å kjøpe nye klede til skulestart, og då er det legitimt å bruke meir på klede til dette. Det må sjåast i samanheng med alt anna, understrekar ho.

«Back to school-shopping» 

På sosiale medium, som YouTube, fløymer det i desse tider over av videoar der unge jenter har filma seg sjølve mens dei handlar sekk, skrivesaker og andre skulesaker. Såkalla «back to school-shopping» har fått feste som eit omgrep på sosiale medium med hundretusenar av treff.

Sjefforskar Petter Bae Brandtzæg ved SINTEF trur sosiale medium gjer sitt til kjøpepresset for barn og unge.

Han peikar på at det på sosiale medium har vakse fram ein visuell performance-kultur som gjer at høvet til å samanlikne seg med andre er mykje meir til stades enn før.

– Det er klart det skaper eit press på mote, merkevarer og utsjånad, seier han.

– Det er dei såkalla influencerane på sosiale medium som dei unge høyrer på i dag, det er dei som er dei moderne bodbringarane. Det er òg derfor desse blir meir og meir brukte i reklame og kampanjar. Kontakten med influencerane – bloggarar og Youtubarar, er òg ei meir interaktiv og intim form for påverknad enn det vi har sett i tradisjonelle medium, og det skjer 24/7, òg hos stadig yngre målgrupper, seier Brandtzæg.

(©NPK)

Artikkeltags