NETTAVISEN: «OBS! Det er for augneblinken falske SMS i omløp der «Elkjøp» står som avsendar».
Dette er meldinga som akkurat no ligg i toppen av nettsidene til elkjop.no. Elektronikk-konsernet har i det siste mottatt ei rekke meldingar frå potensielle kundar som har fått falske SMS-ar eller e-postar.
– Akkurat no er det ein storm! Det har gått i bølger, og no er vi oppe på ein topp igjen. Det er særleg ulike sms-ar det er mykje av. Heldigvis er kundane våre flinke til å seie frå, via Facebook eller kundesenteret. Vi oppfordrar alle som kjem over slike luremeldingar til å melde dei inn til oss, seier Madeleine Schøyen Bergly, kommunikasjonssjef i Elkjøp Norge.
Fortvilte kundar
Det har versert slike meldingar ei stund. Det er gjerne falske tilbod med ekstra gode priser.
– Kundar blir fortvila. Men bodskapen om at det finst falske sms-ar og e-postar som går ut, fører også til at vi får fleire tilbakemeldingar. Det er jo bra.
Svindelforsøka brer om seg i sms-ar, per e-post og via falsk reklame på sosiale medium, og har auka dei siste tre-fire åra, opplyser Schøyen Bergly. På nettsida åtvarar Elkjøp mot følgande kjenneteikn på falske meldingar:
- Du må betale for å få ein premie
- Du får beskjed om å hente ei vare du ikkje har bestilt
- Avsendar ber om kortinformasjon (det gjerast utelukkande i kassesystemet i nettbutikken)
- Tidspress – gjerne nedteljing (praktiserast aldri av butikken)
- Mystisk e-postadresse
- Dårleg rettskriving
- Tilbodet/konkurransen finst ikkje på dei offisielle nettsidene
Proffare og betre
Meldingane er ulike og ikkje enkle å spore. Betre språk og ein stil som gjerne etterliknar det personlege preget slike tilbod har for tida, gjer meldingane skumlare, synest Schøyen Bergly:
– Det vi ser som er skremmande, er at svindelforsøka blir proffare for kvar gong, med forbetra språk og eit visuelt uttrykk som gjer at ein kan bli forvirra. Om du blir send til ei anna nettside enn elkjop.no eller blir bedt om å oppgi kredittkortnummer for å vinne ein premie, kan du med tryggleik vite at dette ikkje er frå oss. Vi råder til å slette denne type SMS-ar og e-postar med ein gong! seier ho.
Metodikken for å få tak i opplysningar som kan misbrukast er også blitt meir utspekulerte.
– Tidlegare blei ein bedt om kontoopplysningar med ein gong. Men færre og færre bit på dette. I staden går ein gjennom fleire ledd, før ein får beskjed om å registrere seg. Oppdagar du at du er lurt, må du ta kontakt med banken din med ein gong, råder Schøyen Bergly.