Gå til sidens hovedinnhold

Fakta om brua over Løken

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

For å gje eit bilete av kor stor brua over Løken er planlagt, kan ein samanlikne den med f.eks. Langebrua. Begge bruene er ca 82,0 m lange men brua over Løken er dobbelt så breid som Langebrua – 20,0 m mot 11,0 m.

Dette er illustrert med vedlagde fotos; fig.1. av Langebrua slik den er i dag, og fig.2. der Langebrua er forstørra opp til Løken-brua si breidde. Det er altså ein slik mastodont som skal leggast ut over Løken, mellom Helsetunet og Indre Øyrane.

Her har Førde eit svært verdifullt våtmarksområde - med eit stort naturmangfald og rikt fugleliv – innanfor sjølve sentrum, noko som er unikt i nasjonal samanheng.

Dette området vert betydeleg desimert og skadeskote, viss planlagt bruanlegg vert realisert. Brua dekkar over eit våtmarksareal på 1,6 da, som tilsvarar 2 normale einebustadtomter.

Når politikarane har vedteke eit så uhyrleg prosjekt, så må ein stille seg fylgjande spørsmål :

1). Politikarane har sett seg for lite inn i saka, slik at dei har vedteke noko som dei ikkje heilt ut har sett omfanget og konsekvensane av. Eller :

2). Politikarane har forstått fullt ut omfanget og konsekvensane av tiltaket, – her medteke m.a. støy- og støvureining, skadeverknad for fugleliv og hekkeområde, brot på naturmangfaldlova, og eit Indre Øyrane med sterkt redusert verdi som rekreasjonsområde. I tillegg kjem at den store gjennomgangstrafikken som brua medfører, vil vere eit hinder for rolege soner og attraktive byrom, i den delen av sentrum som denne trafikken vert ført igjennom.

På trass av alle desse skadeverknadane har politikarane likevel godkjent planen.

Begge dei to ovannemnde tenkte tilfella er sterkt kritikkverdige. Viss ikkje våre folkevalde no ser galskapen med dette gigantanlegget – og får stoppa anleggsarbeid med brua – så misbrukar dei si oppgave som vernarar av våre felles verdiar. Dette må vel kunne kallast for miljøkriminalitet, som her vert utøvd av offentleg styresmakt.

Les også

Fakta om Førdepakken

Nei til gjennomgangstrafikk og vogntog ved Helsetunet og Førdehuset

Gjennomgangstrafikk og parkeringsproblem i Førde

Kommentarer til denne saken