NETTAVISEN: Even Hovland (33) frå vadheim har vore ei viktig brikke i Per-Mathias Høgmo og Häckens ligagull i Allsvenskan.

Tysdag tok han imot prisen for årets forsvarsspelar i ligaen.

– Det har gått over all forventing. Neste år er det Champions League-kvalifisering. Eg ser fram mot det no. Prisen er ikkje berre mi forteneste, men også alle andre som har møtt opp på trening, sa Hovland i takketalen sin.

Hovland kom til Häcken før sesongen, då han ikkje blei tilbode meir enn ein eittårskontrakt i Rosenborg. I Häcken fekk 33-åringen moglegheit til å skrive under for to år.

Vaimingen har spelt i både Sogndal, Molde og Rosenborg i Norge.

Tidlegare Bodø/Glimt-målvakt Ricardo Friedrich vann prisen som årets målvakt under same kåring.