Gå til sidens hovedinnhold

Evakuerte skule i Eid etter branntilløp i klede

Det skal ikkje vere meldt om skader på personar, ifølgje politiet.

Like over klokka 20 fredag kveld vart det meldt om eit branntilløp ved Eid vidaregåande skule, og alle naudetatane vart då sendt til staden.

Ifølgje operasjonssentralen i Vest politidistrikt skal det ha brunne i nokre klede.

Bygget er evakuert, men brannen vert samstundes meldt å vere sløkt. Det skal ikkje vere meldt om skadde personar som følgje av brannen.

Vaktkommandør Håkon Myking fortel til Firda at brannen var sløkt av personane som meldte brannen, og at brannvesenet reiste til staden for etterkontroll.

– Slik vi forstår det har det vore ein liten brann i nokre klede. Ikkje noko voldsomme greier, seier han.

Kleda skal ha teke fyr etter å ha lege nær, eller vore utsett for varme frå ein lyskastar.

– Brannvesenet er ferdige på staden og har returnert, seier vaktkommandøren.

Kommentarer til denne saken