Gå til sidens hovedinnhold

EU: Jobben til julenissen er samfunnskritisk

For å sikre at julenissen ikkje blir hindra av koronarestriksjonar, har EU erklært at nissen fyller ei samfunnskritisk oppgåve.

– Det var generell semje om at dei som kjem med gåver til jul, skal reknast som arbeidarar med samfunnskritiske oppgåver, heiter det i konklusjonane frå eit møte i krisegruppa i EU-rådet, skriv Politico.

Formuleringa inkluderer julenissen i alle variantar og andre som tradisjonelt kjem med gåver i høgtida.

– Nissen blir friteken frå reiserestriksjonar som kjem av covid-19, og dermed blir jula redda for millionar av barn, skriv ein talsmann for det tyske EU-formannskapet på Twitter.

Les også

Postkaos i Førde: – Folk må hente pakkane sine

Les også

Smittevernlegen: – Du skal ikkje ha dårleg samvit for å reise heim i jula

Les også

Folk ikkje tar telefonen når smittesporarane ringer: – Ei reell utfordring

Kommentarer til denne saken