Etterlengta krisehjelp til studentar

Av

Norske studentar var rasande etter at regjeringa berre ville hjelpe dei med meir lån og forskotsutbetaling av stønad. No har Stortinget teke grep.

DEL

Etter forhandlingane på Stortinget om den tredje krisepakken frå regjeringa er det klart at det blir lagt ekstra pengar på bordet for studentane.

– Eg er glad for at vi kan vedta ein studentmilliard, der vi omgjer ein del av det lånet regjeringa har sagt at studentane skal få, til stipend, seier SVs Kari Elisabeth Kaski.

Avtalen mellom regjeringspartia og opposisjonen inneber at det blir brukt éin milliard kroner på å gjere om ekstralån til stipend, mot dokumentert inntektsbortfall. Å gjere om alt ville likevel kosta omkring tre milliardar kroner.

– Det er ein stor siger at vi gjekk frå 0 til godt over 30 prosents stipenddel, sjølv om det ikkje er ei optimal løysing, seier Arbeidarpartiets Torstein Tvedt Solberg.

(©NPK)

Artikkeltags