– Vi er veldig godt nøgde med årets program. Mange fantastiske artistar.
Det fortel Sigurd Kvikne i ei pressemelding.
Festivalen i Balestrand har, som mange andre festivalar, hatt ufrivillig pause i to år på grunn av pandemien. 6.–8. mai kan Kvikne endeleg ønske velkommen til jazzfestival igjen.
– Det har vore tungt ikkje å få bidra med musikkglede for publikum dei siste to åra. Men det var heilt rett ikkje å arrangere Balejazz dei siste gongane. No er vi derimot sterkt tilbake, og eg håpar at både nye og gamle festivalgjengarar tek turen til Balestrand desse maidagane, seier Kvikne.
Første gong i Norge
På plakaten står fleire kjende artistar. Ein av dei er også ein personleg favoritt blant festivalsjefen.
– Det er spesielt morosamt at Balejazz er første staden i Norge der den personlege favoritten min, Lars DK frå Danmark, har konsert, seier Kvikne.
I tillegg til Lars DK, kjem den folkekjære visesongaren Jan Eggum og musikaren Bernhoft.
Desse spelar på Balejazz:
- The Real Group
- Bernhoft
- Jan Eggum
- Lars DK
- Dark Side Of The Wall
- Håkon Kornstad Duo
- Kåre Kolve Electric Band
- Anita Nordheim Blues’n’Groove Company
- Økland & Apeland
- Sinikka Langeland Ensemble
- Fieh
- Kristin Asbjørnsen
- Bergen Blues Band
- Gratiskonsert med Hovedøen Social Club

Lovar meir enn berre musikk på årets Utkant: – Høgt kvalitetsnivå
_1.jpg?chk=731602)
Førdefestivalen er klar for 2022. Desse artistane blir å sjå på scena
