Gå til sidens hovedinnhold

Etablerer døgnkvileplass for tungbilsjåførar

Statens vegvesen og Retail Eiendom AS har signert kontrakt om utbygging av døgnkvileplassen på Nordfjordeid.

Dette er den første av sitt slag i Nordfjord. Etableringa er ein del av ei større samla utbygging av nye Eid Næringspark, og vil ligge rett ved rv. 15 og E39. Det kjem fram i ei pressemelding.

Kvileplassen skal stå ferdig i 2021 og får ti oppstillingsplassar for vogntog og eit servicebygg med dusj, toalett og høve til å lage mat og slappe av.

– Det er viktig for sjåførane, for næringslivet i Nordfjord og for trafikktryggleiken at vi no får tilrettelagt døgnkvileplass på Nordfjordeid, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

Les også

Sjåføren ville ikkje kvile. Statens vegvesen måtte tvinge han

Les også

Benedicte (23) er yrkessjåfør: – Me har mykje ansvar og er utsette for ulukker

Kommentarer til denne saken