Erna Solberg varslar inngripande tiltak

Av

Tiltaka som blir sette i verk mot koronasmitten, er dei mest inngripande vi har hatt i fredstid, seier statsminister Erna Solberg (H).

DEL

– Vi må vere førebudde på at vi i dag kjem med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i fredstid i Noreg, sa Solberg på besøk hos Beredskapsutvalet mot biologiske hendingar torsdag. Utvalet samlar ulike etatar som jobbar med å handtere koronakrisa.

Solberg understrekar likevel at ein må ha tiltak som gjer at samfunnet framleis fungerer og særleg gjeld det helsevesenet og andre funksjonar som er samfunnskritiske. Derfor er ho òg avventande til å gi melding om at alle skular skal stengjast.

– Der må vi òg passe på å sørgje for at dei som er foreldre, kan gå på jobb når dei jobbar i samfunnskritiske sektorar. Vi må få gode faglege råd om dette er det rette, seier Solberg.

Ho meiner ein allereie ser at tiltaka som alt er sette i verk, har verknad og viser til rapportar om at færre reiser kollektivt, mellom anna med T-banen i Oslo.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken