Gå til sidens hovedinnhold

Erna Solberg: Klare for trinn tre i gjenopninga

Pressekonferansen med statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad startar klokka 13.00, og skal handle om gjenopninga av Norge. Helse- og omsorgsminister Bent Høie, justis- og beredskapsminister Monica Mæland, helsedirektør Bjørn Guldvog og FHI-direktør Camilla Stoltenberg vil også vere til stades på pressekonferansen.

Klokka 13.00 fredag heldt regjeringa pressekonferanse om gjenopninga av Norge.

Fallande smittetal, færre koronapasientar på sjukehusa og fleire som har fått både ei og to vaksinedosar er noko av grunnlaget for at regjeringa no kjem til å ta samfunnet endå eit skritt tilbake til normalen.

Førre gjenopningstrinn blei sett i verk natt til torsdag 27. mai. Regjeringa har tidlegare sagt at dei vil bruke om lag tre veker til vurdere situasjonen og gjere nødvendige analysar og vurderingar før dei vurderer å sette i verk neste trinn.

Dette er trinn 3 av gjenopningsplanen:

  • Auka fysisk undervisning, men registrering av kven som er til stades.
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort sjølv om det overstig tilrådd tal gjestar.
  • Idretts- og kulturarrangement: Barn og unge under 20 år kan trene og delta på idretts-, kultur- og fritidsaktivitetar med unntak frå einmetersregelen.

  • Toppidretten kan utførast som normalt.

  • Barn og unge under 20 år kan delta i konkurransar og på arrangement både innan- og utandørs på tvers av kommunegrensene.

  • Utandørs kan breiddeidretten, kultur- og fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år blir gjennomført på ein måte som gjer at deltakarane slepp halde seg til einmetersregelen der det er naudsynt for normal utøving av aktiviteten.

  • Heimekontor for alle som har moglegheit og/eller fleksibel arbeidstid, men her har arbeidsgjevar større høve til å vurdere behovet enn før. Einmetersregelen på arbeidsplassen må haldast, men dei som er beskytta* treng ikkje halde avstand til andre på arbeidsplassen.

  • Sosial kontakt: Oppfordring til å møtast utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn 20 gjestar. Rådet om avstand gjeld framleis. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire. Dei som er beskytta* reknast ikkje med i reknestykket.

  • Serveringsstader: Skjenkestoppen blir oppheva. Krav til smitteverntiltak: Registrering, redusert tal gjestar og krav til avstand, spesielt innandørs.

  • Private arrangement: Inntil 50 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokale, inne og ute. Arrangere utandørs heller enn innandørs.

  • Offentlege arrangement: Arrangere utandørs heller enn innandørs. Innandørs (førebels, kan endrast) Inntil 400 personar (200 x 2 kohortar) utan faste tilviste sitteplassar, men 1000 (500 x 2) dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar. Dersom det blir anledning til å nytte adgangstest og koronasertifikat i gjenopninga av samfunnet; 50 % kapasitet opp til maks 1 000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 2 500 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste tilviste plassar. Utandørs (foreløpig, kan endres) Inntil 800 personar (200 x 4 kohortar) utan faste, tilviste sitteplassar, men 2000 personar (500 x 4 kohortar) dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar. Dersom det, slik regjeringa ønsker, blir anledning til å nytte åtgangstest og koronasertifikat i gjenopninga av samfunnet; 50 % kapasitet opp til maks 2000 personar (delt i kohortar på inntil 500) utan faste tilviste sitteplassar, men 50 % kapasitet opp til maks 5000 personar delt i kohortar på inntil 500 dersom alle i publikum sit i faste, tilviste plassar.

  • Utanlandsreiser: Det globale reiserådet blir avvikla dersom det er smittevernmessig forsvarleg, og blir erstatta med reiseråd til spesielt hardt råka land. Opne for prioriterte grupper arbeidsreisene og utvida tilgjenge til familiebesøk.

  • Innanlandsreiser kan gjennomførast.

Kjelde: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/regjeringen-fortsetter-gjenapningen/id2862266/

* Beskytta er fullvaksinerte, eller folk som har fått ei dose og det har gått mellom 3 til 15 veker sidan du fekk den. Dei som har hatt covid-19-sjukdom dei siste seks månadane er også beskytta.

Kommentarer til denne saken