På Høgre sin strategikonferanse på Sundvollen i helga la Erna Solberg fram tolv konkrete forslag som vil auke kraftproduksjonen fram mot 2030. Det skriv Høgre i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Blant desse finn vi industrikraftutbygginga i Snøheia mellom Høyanger og Sunnfjord kommune.

– I den situasjonen vi er i no, bør vi ikkje vente med å bygge ut fase 1 og 2 på sørlege Nordsjø II. I tillegg må prosjekt som Trollvind og Snøheia Industrikraft raskt realiserast. Begge prosjekta kan vere i produksjon i 2027 dersom dei får konsesjon, seier Solberg.

Bakgrunnen er Statnett som før nyttår sende klåre åtvaringar til Olje- og energidepartementet om at Norge styrar mot eit effekt- og kraftunderskot innan få år. Dette kan i verste fall føre til utkobling av forbruk.

Pressesjef Cato Husabø Fossen i Høgre presiserer overfor Firda at partiet i den same tiltaksplanen seier dei vil «gjennomføre endringar i plan- og bygningslova som gir kommunane ei hand på rattet i plasseringa av nye vindkraftverk».

– Altså blir summen her at Høgre meiner Snøheia bør byggjast ut så raskt som mogleg, dersom kommunane seier ja, seier Fossen.

Les også

Medvind for landbasert vindkraft eller stille før ny storm i 2023?