Gå til sidens hovedinnhold

Erling er Senterpartiets nye stortingskandidat

Eit samrøystes nominasjonsmøte valde laurdag Erling Sande frå Gloppen som stortingskandidat for Sogn og Fjordane Senterparti.

-Det er eit stort ansvar eg og dei andre på lista har fått, vi skal no stake ut ein ny kurs for landet, sa han då han blei valt.

På plassane bak han står Aleksander Øren Heen frå Årdal og Emma Berge Ness frå Viksdalen.

Sande håpar at han også får med seg Øren Heen på Stortinget.

– Det er berre å passe seg, Olve Grotle, for vi satsar på å stille mannsterke, sa årdølen.

Les også

Emma (22) attvald som NK i Senterungdommen: – Dette blir det viktigaste valet sidan EU-kampen

Les også

Sunnfjord Sp forventar noko att for å velje mellom desse to

Kommentarer til denne saken