Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
«Spør du meg, seier eg ja». Det sa AP-representanten Torbjørn Vereide til avisa Firda i romjula 2022 om sitt standpunkt til vindkraft på Snøheia i fjella mellom kommunane Høyanger og Sunnfjord. Dette var dårleg nytt frå Vereide. Han har tidlegare vore med å seie nei.
Nei til vindkraftutbygging mellom Viksdalen/Sunnfjord og Høyanger, var Vereide sitt svar før stortingsvalet 2021 (på eit folkemøte på Viksdalen 8. august 2021). Det var lovande.
Lovande var også den AP-reklamen som blei lansert på tampen av fylkestingsvalskampen 2019. Forhåpentlegvis er det mange som hugsar at partiet hadde ein fotomontasje med ei vindmølle oppå det berømte turmålet Trolltunga. Teksten under bilde var «Ap seier NEI til fleire vindmøller på land i Vestland.» Vereide kom inn i fylkestinget 2019, men har som vi veit, avansert til Stortinget.
Vereide skal på sett og vis ha ros for at han no opplyser om «ja-standpunktet» sitt – at han ikkje lenger tek omsyn til det sterke folkelege engasjement mot vindkraft rundt i landet. Så vidt eg hugsar viste Firda si meiningsmåling ‘ oss ‘ eit tydeleg fleirtal for nei til vindkraft, rundt 60 %?, i avisa sin lesarkrets.
Vereide argumenterer med at «kommunane treng meir pengar i budsjetta sine. […] og seier som sant er at det trengst «meir pengar til helse og omsorg». Agnet som kommunane skal bite på, er magert i forhold dei varige skadane som blir påført natur, miljø og friluftsliv. Kommunane skal visstnok bli tildelt vindkraftinntekter på rundt 45 millionar kroner, fordelt med ¼ til Høyanger (vel 10 mill. kr) og ¾ til Sunnfjord (vel 34 mill. kr).
Ingen må tru fullt og fast på at dette er varige inntekter. Eviny, Hydro og Zephyr lanserte sin plan om nedbygging av Snøheia-området (5 dagar før julaftan). Berre 3 dagar seinare, to dagar før julaftan, fekk kraftkommunar beskjed om at staten ville trekkje tilbake store deler av den kompensasjonen kommunane får i form av konsesjonskraft-inntekter. For eksempel betyr dette for Høyanger eit tap på 50 mill. kr.
Stortingsrepresentant Erling Sande (SP) «er ikkje glad for dette», seier han til Firda, men legg til at «det var eit nødvendig tiltak». I farten ser eg ikkje tilsvarande uttale frå Vereide om at han er «uglad» for dette ranet av distriktskommunar som Høyanger, Lærdal og Vik. Har ikkje Vereide det same ønsket om «meir pengar til helse og omsorg» som han har i vindkraftsaka?

Kjelstad har videobevis: I fjor sa Vereide eit «klart og rungande nei» til vindpark i Høyangerfjella

Rapporten som er dårlege nyheiter for naturen på Snøheia

Vil binde mykje av vindkrafta til Høyanger og Sunnfjord
