Er kommunen planstyremakt?

Kommunen og Fylkesmannen er i mange saker ueinige om tolkinga av retningsliner og lovverk m.a bygging i strandsona, skriv artikkelforfattarane. Her arkivbilde frå Fanøy.

Kommunen og Fylkesmannen er i mange saker ueinige om tolkinga av retningsliner og lovverk m.a bygging i strandsona, skriv artikkelforfattarane. Her arkivbilde frå Fanøy. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Dette er eit innlegg av planavdelinga i Kinn kommune som forsøk på å løfte debatten om forvaltning av strandsona basert på dei siste års erfaring på temaet.

Kinn kommune opplever med jamne mellomrom å bli overprøvd av Fylkesmannen i større og mindre arealplansaker, dei siste åra i stadig større grad. For ei tid sidan fekk kommunen ein førespurnad av ein næringsaktør om eit tiltak i strandsona. Tiltaket var av ein slik karakter at det ville kunne få stor betydning for næringsutvikling i regionen. Grunna tidlegare erfaring med Fylkesmannen i strandsonesaker, så kontakta underteikna dei både skriftleg og på telefon for å få ei avklaring på om eit slikt tiltak kunne godkjennast. I ein telefonsamtale der vi diskuterte innhaldet i saka, spurte sakshandsamar hos Fylkesmannen etter ei stund følgande: «Men er ikkje kommunen planstyremakt?»

Først litt planopplæring for vanlege folk: Kommunen er gjennom kommunestyret planstyremakt for arealplanlegging. Dvs dei skal vedta kommunal planstrategi, kommuneplan og reguleringsplanar. Dei skal opprette utval og treffe tiltak som er naudsynt for gjennomføring av planlegging. Kommunestyret skal og sikre at kommunen har tilgang til naudsynt planfagleg kompetanse. I tillegg har alle offentlege organ både rett og plikt til å assistere og delta i planlegginga når planar rører ved deira saksfelt.

Dei fleste offentlege organ har rett til å overprøve kommunen i saker av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Så langt alt vel. Litt om bygging i strandsona: Plan og bygningslova av 2008 har ein paragraf som forbyr tiltak i 100-metersbeltet mot sjø og vassdrag. I 2011 kom der nye retningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Denne deler landet inn i 3 soner, der vi ligg i den «snillaste» sona der det skal vere mogeleg å tillate tiltak på visse vilkår og fortrinnsvis gjennom plan.

Så langt alt vel, tilsynelatande. For det er i hovudsak i strandsona at spørsmålet om kven som er planmyndighet dukkar opp. Kommunen og Fylkesmannen er i mange saker ueinige om tolkinga av desse planretningslinjene. Kva kan tillatast og kva kan ikkje tillatast? Fylkesmannen er ofte ueinig med kommunen, og dette kjem til uttrykk gjennom motsegner mot kommuneplanens arealdel og reguleringsplanar, fråråding av dispensasjonar og klager på dispensasjonar. Fylkesmannen kan, som nemnd over, overprøve kommunen sine vedtak i saker av nasjonal eller vesentleg regional betydning. Men per i dag står kommunen og Fylkesmannen ofte langt frå kvarandre om kva tiltak som kan godkjennast i strandsona. I dei tilfella der Fylkesmannen overprøver kommunen, må kommunen føye seg. Dei siste åra har dette skjedd såpass ofte at kommunen kjenner seg vengjeklipt. Arealplanlegging er komplisert og det er mange omsyn å ta. I grove trekk kan vi seie at planlegginga utspelar seg på følgande kompetanseområde: Faktakunnskap (naturmangfald, skred, havnivåstigning osv.), planfagleg kunnskap, lokalkunnskap og samhandling med innbyggarane, politisk kunnskap, og vurdering av vilje -og gjennomføringsevne.

Vår kommune har i mange år satsa på både å bygge eit betre faktagrunnlag og å bygge eit godt planfagleg miljø. Vi har god lokalkunnskap og jobbar kontinuerleg med dialog med innbyggarane. Og ikkje minst har vi jobba bevisst for å få til god dialog og samhandling mellom administrasjon og politikk. Poenget er at basert på eit stadig betre faktagrunnlag, dialog med alle involverte partar og med naudsynt lokalkunnskap, så meiner vi at det blir gjort gode vurderingar til det beste for både allmenta, næringslivet og den enkelte. Og likevel opplever vi stadig oftare å bli overprøvd av Fylkesmannen, så ofte og i så stor grad at svaret på Fylkesmannen sitt spørsmål «Men er ikkje kommunen planstyremakt?» er NEI. Vi meiner at utviklinga slik den har vore dei siste åra ikkje kan fortsette. Kommunen kjenner seg mistrudd av Fylkesmannen og brukar store ressursar på å argumentere, skrive seg ut av og ekstrautgreie saker. Og alle saker ser ut til å vere like viktige for Fylkesmannen, store og små, som i mange tilfelle kokar ned til prinsippspørsmål. Derfor ønsker vi at denne debatten om lovtolking og mandat blir løfta til eit høgare nivå for å få ei tydelegare rolleavklaring mellom kommunen og Fylkesmannen i framtidig arealplanlegging. Særleg kystkommunane har stort behov for å avklare tolkinga av strandsoneretningslinjene, for det er her den største konflikten ligg. Den varsla revideringa av strandsoneretningslinjene er derfor eit godt høve til å drøfte dette spørsmålet. Politisk har det lenge vore ein frustrasjon over Fylkesmannen si strenge strandsoneforvaltning, men dei siste åra også blant planfagmiljøa

.Det er for stor avstand mellom kommunane og Fylkesmannen i tolkinga av regelverket. Det er uheldig. Kommunen og Fylkesmannen bør ideelt sett ha ein tett dialog, og Fylkesmannen bør i hovudsak fungere som fagleg rådgjevar for kommunen. Overprøving av kommunale vedtak bør skje unntaksvis. Dagens regime er unødig ressurskrevjande og ineffektivt for både kommunar og fylkesmenn. Ei løysing er å stramme inn på Fylkesmannen sin moglegheit til å overprøve kommunen, slik at kommunen igjen blir reell planmyndighet. Plankunnskapen har blitt stadig betre i kommunane dei siste åra, og vi meiner kommunane er i stand til å vareta dette mandatet. Alternativet er å overføre planstyremakt til Fylkesmannen. Som administrativt tilsette skal vi vere forsiktige med å meine for mykje politisk. Men vi er redde for at den store avstanden mellom kommunal og statleg forvaltning vil utløyse eit politisk press og føre til ei endring som ikkje berre gir mindre statleg kontroll, men også mindre kommunal kontroll. Resultatet kan då bli eit ukontrollert frislepp for bygging i strandsona. Det meiner vi ingen er tent med.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken