Når vi kryssar av for den siste januardagen i 2023, kan vi konstatere at også vi i Sunnfjord har lagt bak oss ein månad med høge straumprisar. Snittprisen for januar vil truleg ligge på 89 øre per kilowatt, noko som betyr at det neppe blir straumstøtte å hente frå styresmaktene.

Vi er altså langt unna det skyhøge nivået vi fekk merke i desember då vi måtte ut med nesten 230 øre per kilowatt (før straumstøtte).

Her kan du sjå korleis straumprisen blir time for time:

Tabellane over viser kva spotprisen for straum er i sone NO3 Midt-Norge. Alle kommunane i Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden, unntatt Sogndal og Luster, ligg i dette området.

Tabellen viser spotprisen utan nettleige. (Interaktiv graf.)

Ein kollaps i gassprisen, mykje nedbør og mildt vintervêr i Europa gjer at vi ikkje lenger treng å vere urolege for straumrasjonering. Det ser også ut til at vi brukar mindre straum når desse rekningane gjer store innhogg i lommeboka. Kanskje er marknaden, og naturkreftene, i ferd med å rette opp att delar av den ubalansen vi har hatt det siste året?

Sjølv har eg ikkje vore blant dei som har stått fremst i hylekoret for manglande handlekraft frå Regjeringa mot dei høge straumprisane. Straumen er dyr, og i nokre delar av landet har den vore ekstremt dyr. Men hushaldningane får altså dekt mykje av denne prisauken gjennom ei ganske så raus straumstøtteordning.

Kvifor kan så ikkje denne ordninga gjerast endå betre?

Vi er altså i ein situasjon der verdsøkonomien er heilt ute å køyre. Det siste året har det vore nødvendig for Norges Bank å heve renta fleire gonger for å sikre at du og eg får mindre å rutte med. Dette for å hindre endå sterkare prisstigning (inflasjon) enn det vi har i dag.

Det er altså meininga at vi skal få dårlegare råd i ein periode, viss ikkje kjem prisane til å gå til himmels – og då kjem vi til å få endå dårlegare råd.

I eit slikt bilde er det altså fornuftig at politikarane held att på straumstøtta. Alternativet er at renta går endå høgre opp.

Dette er ei grov forenkling, sjølvsagt. Men den private pengebruken utgjer 60 prosent av alt vi kjøper her i landet, og det er derfor viktig for sentralbanken at også denne delen av økonomien blir stramma inn. I tillegg må også stat, kommunar og fylkeskommunar stramme inn. Får vi til dette, kan vi komme ganske bra ut av denne krisa.

Dessverre er det mykje som tyder på at vi skal få det verre før vi får det betre. Den private pengebruken har ikkje gått så mykje ned som økonomane ønsker. Oppsparte pengar frå koronatida gjorde at mange av oss m.a. kunne flotte oss skikkeleg under julehandelen. Difor går det truleg endå litt lenger enn tidlegare rekna med før renta har nådd det øvste nivået. Det må hardare lut til for å få ned pengebruken vår.

Slik har det altså blitt: Prisane stig for mykje, og for å få ned etterspurnaden etter varer må vi ha høge straumprisar og høg rente lenger enn vi ønsker.

Med nokre få unntak er det stor semje om dette på Stortinget. Enkelte meiner rett nok at staten kan bruke litt meir pengar utan at renta går i taket, men det er få som protesterer på at alle, også private hushaldningar, må stramme inn livreima ganske mykje i tida framover.

Heller ikkje i opposisjonspartia er det heftige protestar på denne politikken. I Høgre t.d. har dei hatt stor suksess på meiningsmålingane med å sitje relativt stille i båten. Der er det rikingeskatt og milliardærar som flyttar til utlandet som står på agendaen.

Mens det skjer, får Regjeringa steike i eige feitt og finne seg i harmdirrande Facebook-trådar frå misnøgde veljarar som har vore bortskjemde med nesten gratis straum i tiår. Truleg er eg ein av få som meiner at straumstøtteordninga er god nok. Eg meiner at dei som verkeleg slit for å få endane til å møtast kan få hjelp via andre og meir målretta ordningar enn at alle i heile landet skal få billeg straum.

Privat næringsliv treng forresten all den omsorga som er mogleg å oppdrive i tida framover. No startar alvoret også der. Mens mangel på arbeidskraft var den største trusselen før jul, vil oppbremsinga i kjøp av varer og tenester vere utfordringa som no tårnar seg opp. No er forbrukarane snart blakke, og må i tida framover prioritere det som er høgst nødvendig (mat og straum).

Spørsmålet er kor hard landinga blir. Det er uansett ikkje rom for ei rausare straumstøtte, og renta vil truleg stige litt til før det seier stopp.

Men når toppen er nådd, kan det gå mot lysare tider også for Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Så langt har dei manøvrert landet ganske bra, i ei verd der det meste er kaos.

Les også

Stopp dei urettvise nedtrekka i rammetilskotet