Med 153.000 medeigarar i Coop Nordvest blir det då i snitt ca. 542 kroner i kjøpeutbytte til kvart medlem.
Pengane får ein inn på Coop-kontoen sin, men dei kan overførast til vanleg bankkonto, noko denne forbrukarøkonomen anbefaler at du gjer straks pengane er komne.
I kjent pressemelding-stil takkar administrerande direktør Arild Sørlien i Coop Nordvest kundane sine.
– Medeigarane er våre beste og mest lojale kundar, som kvar og ein har bidrege til at vi no utbetalar kjøpeutbytte og bonusar på 83,2 millionar kroner, skriv han.
I tillegg til kjøpsutbytet på det ein handlar i Coop-butikkar, blir det utbetalt bonusar frå partnarfordelar og medlemsbonusar. Dei mest populære fordelane er drivstoff frå Circle K og YX og forsikring frå If. Dei mest populære bonusane er medlemsbonus på frukt og grønt i Extra, Änglamark-bonus hos Coop Mega og babybonus hos Extra, skriv Coop.
I 2019 fekk Coop Nordvest 6800 nye medeigarar. 44 prosent av desse var under 30 år.
– Delingsøkonomi er i vinden som aldri før, og treff spesielt dei yngre aldersgruppene. Dei nye medeigarane våre set nye krav til oss som daglegvareaktør, og er opptekne av samfunnsansvar og tilgangen til sunn og berekraftig mat, skriv Sørlien mellom anna.
