Frå 1. januar 2023 må alle diabetikarar som bruker blodsukkersenknande medisinar, både dei som har type 1 og type 2, ha skaffa seg eit gyldig førarkort.

For å få dette må dei legge fram ein helseattest frå legen som seier at dei er i stand til å køyre. Denne helseattesten inkluderer også ei enkel synsundersøking.

Og førarkortet vil berre vere gyldig i maks fem år, ikkje 15 som vanleg.

Dette er diabetes

  • Diabetes type 1 og type 2 er forskjellige sjukdommar, men har det til felles at blodsukkeret må regulerast av pasienten sjølv og har samanfallande komplikasjonar som følge av både for høgt og for lågt blodsukker. Det som skil disse to typane diabetes er ofte ulike symptom, alder og helsetilstand elles.
  • Diabetes type 1 er ein autoimmun sjukdom. Det vil seie at immunforsvaret øydelegg dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Kroppen sluttar dermed å produsere hormonet insulin (eller produksjonen blir sterkt redusert) og dette fører til at blodsukkeret stig.
  • Diabetes type 2 er ein sjukdom der blodsukkeret er for høgt. Dei fleste kan forsinke utviklinga av diabetes type 2 eller gjere sjukdommen mindre alvorleg ved å endre levevanar.
  • Ved diabetes type 2 vil sukkerstoff (glukose) som sirkulerer i blodet etter eit måltid ikkje bli tatt godt nok opp av cellene i kroppen. Årsaka er ein kombinasjon av at insulinet ikkje verkar like godt som det skal og/eller at kroppen ikkje klarar å produsere nok insulin.
  • I alt reknar ein med at det er mellom 316.000 og 345.000 med diabetes i Norge i dag. 28.000 av desse har diabetes 1.

Kjelde: Helsenorge.no.

Helseattest

Om du bruker insulin eller blodsukkersenkande medisin, kan du i verste fall få føling, altså svært lågt blodsukker medan du køyrer. Høgt blodsukker kan på den andre sida føre til svekka merksemd og synsproblem.

– Det er litt opp til legen, men ifølge endringa i førarkortforskrifta vil diabetikarar som går på blodsukkersenkande medisinar i utgangspunktet ha førarkort som er gyldig i fem år, før dei må legge fram ein ny helseattest og søke på ny, seier seniorrådgjevar Ingrid Sørlie i Statens vegvesen til Firda.

Om du derimot har diabetes men ikkje går på blodsukkerreduserande medisinar, og klarar kontrollere blodsukkernivået med kost og mosjon, vil du kunne ha førarkortet i maks 15 år. Du slepp også å skaffe helseattest frå legen.

Får du meir enn eitt alvorleg tilfelle av føling i løpet av eitt år, altså eit anfall med svært lågt blodsukker der du har måtte ha hjelp frå andre, misser du førarkortet i tre månader.

Men etter at behandlinga er justert, får du førarkortet tilbake for først eitt år, og seinare for fem år.

Innstrammingar for tungsjåførar

Men den kanskje største endringa er for yrkessjåførar, eller andre som har førarkort for køyretøy over 3500 kilo, og som har diabetes. Dette er dei som har førarkortklassene C1, C1E, C, CE, D1, D1E, D og DE.

Her er det eit ganske omfattande regelverk å halde seg til.

Dei som har førarkort i tunge klasser må alltid levere helseattest. Først når dei får førarkortklassen for første gang, og deretter må dei fornye dette med helseattest kvart femte år.

Men dersom du bruker diabetesmedisin og ikkje har hatt alvorlege tilfelle av føling, må du fornye førarkortet kvart tredje år.

Får du alvorleg føling med førarkort i dei tunge klassane, misser du førarkortet for minimum tre månader. Det får du berre tilbake dersom behandlingsregimet for diabetes blir endra til det betre.

Bruker du insulin kan du heller ikkje få kompetansebevis for utrykkingskøyring eller køyresetel for persontransport. Du kan med andre ord ikkje køyre ein ambulanse eller ein rutebuss.

Det ereit komplisert regelverk å halde seg til. Oppfordringa frå Ingrid Sørlie i Vegvesenet er difor klar:

– Dei som er usikre bør ta kontakt med fastlegen sin.

Sjå her for meir informasjon.

Les også

Er du gløymsk? Slik veit du om det er grunn til uro