Gå til sidens hovedinnhold

Er det vilje til ein fellesskule i ein ny Fjorden skulekrins?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vevring – Stavang, ein akse som ligg langs fjorden på kring to mil, og med to nedleggings trua barneskular. Begge med lange reisevegar til Eikefjorden og Naustdal sentrum. Det ville vere leit om to av dei best befolka utkantane i Sunnfjord mista sine barneskular dei kommande åra.

Grendene er gode buområde, men både Stavang og Vevring står i fare for å miste nokre av sine fremste kvalitetar, nemleg nærheit til barneskulen. Er det ikkje tid for å gjer ein større innsats både i frå foreldre, grender, politikarar og administrasjonane på kvar side av kommunegrensa for å sjå om ein kan lage ein ny skule, ein barneskule og eventuelt ungdomskule, for elevar på nordsida av fjorden? Ein skule som vil gjere reisevegen, uansett om skulen låg i Vevring eller Stavang til ein relativt nærskule i forhold til alternativa som er Naustdal sentrum og Eikefjorden.

Da blir ikkje enkelt å peike ut ein plass å samle ein fellesskule for dette området, men det som held på å skje er at ein mistar moglegheita for å skape eit fungerande alternativ, fordi det ikkje er nokon sitt primærønske, men hadde det ikkje vert betre å samle seg, ein å risikere skulenedlegging begge plassar på kort eller lenger sikt.

Slik eg ser det, frå utsida av desse grendene, kan ein med å samle elevane i langs denne aksen, i ein fellesskule spikrefast ein skulekrins som kan tåle framtida sine opp og nedturar i dette bølgehavet som på administasjonsspråk heiter “endringar i elevtal”.

Om grendene ønsker ei slik løysing skal eg stille opp for eit slikt alternativ, det ville og overraske meg om ikkje fleire vil mønstre på. Vilkåret er at grendene må vere innstilte på å gå ilag om dette og forplikte seg. Det vil bety at ein lyt samle skulen enten i Stavang eller i Vevring.

Då var endå ein brannfakkel kasta inn i debatten om skulenedlegging, men da er i beste meining.

Les også

Ein leksjon i slett utkantstrategi

Les også

Tilflytta familie i Holsen: – Vi hadde ikkje flytta hit om vi visste at dei ville legge ned skulen

Les også

Vi treng skulen vår

Kommentarer til denne saken