Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det er mykje klaging for tida. Fastlegane klagar over at dei har for dårleg vilkår. Kommunane klagar over at dei ikkje får tak i fastlegar. Tilsette ved sjukehusa i Oslo er misnøgde med at det skal byggast eit sprettande nytt sjukehus i hovudstaden. Hovudverneombodet i Helse Førde klagar over at helseføretaket ikkje får nok pengar til den nye sjukehuset i Førde, og oppdrettarane rasar mot grunnrenteskatt og flyttar til Sveits.
Sist ute er politiet i vest som må finne smartare måtar å jobbe på for å komme i mål med budsjettet på. 10-12 stillingar må vekk i Sogn og Fjordane, mens Bergens-ordførar Rune Bakervik (AP) sitt forslag til løysing på politimangelen i byen er å flytte politifolk til Bergen fordi dei har meir kriminalitet.
På toppen av det heile har bergensarane dratt i gang eit Vestlandsopprør fordi regjeringa ikkje lenger vil behandle landets nest største by som ein distriktskommune.
Av og til er det nødvendig å seie frå. Men no om dagen er det litt mykje, tykkjer eg. Dagsrevyen tysdag kveld var ein einaste lang kakofoni av yrkesgrupper som meiner dei har livsviktige funksjonar i samfunnet, og difor bør få ein større del av felleskapskaka. Det blir ein tøff jobb å prioritere blant alle dei som ropar ut den store nauden dei står i.
Men av og til kjem det nyheiter som dei fleste er glade for og som svært få er imot. Regjeringa har, som dei tidlegare har lova at dei skal gjere, bestemt å bruke meir pengar på flytilbodet i distrikta. I mange tilfelle vil dette føre til ei halvering av prisen på ein flybillett frå til dømes Førde til Oslo. Konkret går vedtaket ut på at flyselskapet, f.eks. Widerøe, må halvere prisen på fullprisbillettane som frå Sogn og Fjordane til rikshovudstaden, som i dag kostar typisk 5.000 kroner (tur-retur). Det skal også brukast pengar på å auke talet på avganger der ein reknar med at etterspørselen vil auke mest.
Dette skjer frå 1. april 2024, som er starten på den neste perioden frå desse rutene (FOT-ruter) som blir lyste ut på anbod frå staten. Dette er flyruter der marknaden åleine ikkje gir eit godt nok tilbod, der det må brukast skattepengar for å få flyselskapa til å ta på seg jobben.
Tida vil vise om nyheita er så god som det blir påstått, om prisane på dei dyraste billettane verkeleg bli halvert, og at dette ikkje kokar vekk i kaos og misforståingar slik vi ser tendensen til rundt ferjetakstane som skulle bli bortimot gratis over heile landet.
For dette er ei stor sak for distrikta, ikkje minst for næringslivet som har hatt svært høge kostnader med denne typen reisande. For privatreisande blir kortbaneflyplassen no eit reelt alternativ for innanlandsreiser – også når ein skal vidare til utlandet.
Så langt er det ingen som har klaga på regjeringa sine planar om fleire ruter og billegare billettar frå Bringeland og dei andre flyplassane som er med i vedtaket. Og eigentleg har regjeringa berre opna ei halvopa dør, og gjennomført noko alle meiner er rett – også dei som sit på Stortinget.
Høgre-politiker Bård Ludvig Thorheim har for eksempel for eit par år sidan foreslått å redusere prisane for å fly frå kortbaneflyplassane drastisk.
– Vi tel tusenlapper på flyreiser i Nord-Norge. På dei mest trafikkerte rutene sørpå er det berre hundrelapper, sa han til NRK den gongen.
Og Thorheim har sjølvsagt heilt rett. Ein slik grindalaus forskjell på prisnivået for å fly frå A til Å høyrer ingen plass heime. Forslaget til Høgre-politikaren gjekk ut på å betale reduserte billettprisar i distrikta ved å auke seteavgifta på storflyplassane i Sør-Norge, altså dyrare billettar der.
Korleis regjeringa skal finanisere si handsrekning til distrikta har dei førebels ikkje sagt noko om. Kanskje blir det ein miks av at folk frå Oslo må grave litt djupare i lomma når dei skal fly til Londen (auka seteavgift) – og ei finansiering over statsbudsjettet?
Gisle Solvoll, professor i transportøkonomi, sa til NRK onsdag kveld at halvering av fullprisbilletar og fleire ruter truleg vil koste 700 millionar kroner i året. Fornuftig pengebruk, spør du meg. Eigentleg er det rart at vi har funne oss i å betale like mykje for ein tur til hovudstaden som det kostar å fly til New York frå ein av storflyplassane våre.
Og det blir nok klaging også her. Slike nyheiter har dessverre ein tendens til å bleikne når dei blir sett ut i live. Vi kan til dømes. sjå for oss at talet på reisande aukar kraftig og at det blir krevande å sikre seg plass til Oslo-turen som ein så gjerne skulle gjennomført. Regjeringa sitt vedtak må følgast opp med nok pengar, og lovnaden om fleire avganger må realiserast. Akkurat dette blir det spennande å følge med på.
700 millionar nye kroner til billegare flyruter er nesten ei dobling av det staten brukar på dette i dag. Vis oss pengane i form av løyvingar over Statsbudsjettet eller auka seteavgift på storflyplassane, så skal vi sprette sjampanjekorkane. Og legg gjerne vekk uttrykket gradvis opptrapping, som vi ofte får høyre når politikarane sviktar lovnadane sine.

Regjeringa varslar billigare flybillettar: – Ikkje sikkert det burde vere billigare

Eit land vert knytt nærare med billegare flybillettar

– Dei høge flyprisane har vore eit irritasjonsmoment. At dei skal ned betyr veldig mykje
– Dette er ei svært gledeleg nyheit, prisane på fullprisbillettar er skyhøge
