Ordførar Frida Melvær (H) i Askvoll reagerte med lettesle og ei kjensle av glede då ho i dag tidleg fekk telefon om at avgjerda om både deponi i Førdefjorden og reguleringsplanen for Engebø var godkjent av regjeringa.

– Den første reaksjonen var lettelse. Over at avgjerda er teken, og sjølvsagt over den positive avgjerda som kom. Dette er ei sak som har gått føre seg i mange år, og som har skapt kjensler i alle retningar, seier Melvær.

– Må sjå dei fantastiske moglegheitene

Frida Melvær seier at ho i dag ser enorme positive mogleheiter, for kommunen, for Sunnfjord og for heile fylket.

– For Askvoll kommmune handlar dette mellom anna om bustenad og arbeidsplassar. Det er svært kort avstand over fjorden frå Kvammen, og i dei forhandlingskontraktane som vart inngått i samband med det kommunale vedtaket om reguleringsplanen i 2011 er det inne at det kjem ei arbeidsrute mellom Kvammen og Engebø, seier Melvær.

Ho vil no ta med resten av kommunestyret og få til ein diskusjon om korleis ein kan bidra til å vere med å utvikle området.

– Det har lagt ei motstand i denne saka. Mitt fokus framover blir å utnytte det positivet svaret som no er komme til at dette skal bli ein suksess, både samfunnsmessig og miljømessig. Eg synest også at det er veldig bra at sjømatnæringa som allereie er i fjorden er vektlagt i denne saka, ved at det heile tida blir målingar slik fjordmiljøet blir overvåka, seier Melvær.

Håpar på felles innsats

– Mitt største ønske akkurat no er at alle no grip moglegheitene og gjer dette til ein suksess for regionen. No er ei avgjerd teken, og uansett kva ein meiner, så må forhalde seg til den. Eg ønsker verkeleg at alle no set alt på å gjere dette til ein suksess, seier Melvær.