Nordic Mining har gjennomført ein retta emisjon, altså aksjesal til ei utvald gruppe, og Engebø-prosjektet er no fullfinansiert. Det kjem fram i ei pressemelding Nordic Mining sende ut fredag formiddag.

Nordic Mining skriv vidare at saman med eigenkapital frå japanske Iwatani, det internasjonale gruvefondet Orion og ei lokal investorgruppe enda emisjonen på totalt 940 millionar kroner.

– Vi har no fullfinansiert Engebø-prosjektet og skapar norsk industrihistorie. Eg er stolt over at vi har lukkast med å finansiere opp nær 277 millionar dollar, opp under 2,9 milliardar kroner, for å bygge ut Noregs første mineralførekomst på nær 40 år, seier Ivar S. Fossum administrerande direktør i Nordic Mining i pressemeldinga.

Reparasjonsemisjon

Nordic Mining skal i dag ha ei ekstraordinær generalforsamling for å stemme over fullfinansieringa.

Som tidlegare meldt var emisjonskursen på 0,60 kroner. I pressemeldinga seier styret at dei vil føreslå at blir gjennomført ein etterfølgande reparasjonsemisjon retta mot eksisterande aksjonærar. Teikningskursen i reparasjonsemisjonen vil bli den same som i den retta emisjonen.

– Eg håper at eksisterande aksjonærar blir med på reparasjonsemisjonen og selskapets reise vidare. Det var nødvendig å fråvike fortrinnsretten for å få gjennomført emisjonen innanfor tidsrammene og sikre finansiering og framdrift av Engebø-prosjektet, seier Fossum.