Skyhøge straumprisar har prega store delar av hausten og vinteren. Laurdag la regjeringa fram ein eigen krisepakke på fem milliardar kroner for å hjelpe straumkundane i landet med å betale rekninga for desember-mars. Dette kjem på toppen av ei rekkje andre straumtiltak.
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) varsla samtidig at ho på nyåret vil setje ned ein eigen energikommisjon som mellom anna skal evaluere situasjonen i kraftmarknaden.
– Eg ser det som naturleg at vi evaluerer årets situasjon for å finne læringspunkt òg for seinare år, sa Mjøs Persen på pressekonferansen i helga.
Treng meir kraft
Energikommisjonen skal òg foreslå meir langsiktige tiltak som bidreg til å nå målet til regjeringa for kraftproduksjon, forklarer Mjøs Persen.
– Vi veit at vi treng meir kraft i tida som kjem fordi vi skal elektrifisere samfunnet slik at vi når klimamåla i Parisavtalen, seier oljeministeren.
I Hurdalsplattforma lovar Arbeidarpartiet og Senterpartiet mellom anna å satse på klimavennleg transport og produksjon av hydrogen og kraftforedlande industri, som krev mykje elektrisitet, påpeikar Mjøs Persen.
– Det handlar om det store bildet: Korleis vi kan no desse måla samtidig som vi har lokal aksept og tek omsyn til natur og miljø, seier Mjøs Persen.
Berg-og-dal-bane-prisar
Ho er likevel tydeleg på at norske forbrukarar må vere førebudd på at det kan komme ein ny vinter med høge straumprisar.
– I fjor var straumprisane svært låge. I år er det stikk motsett. Med ei vêravhengig kraftforsyning må vi vere førebudde på at det vil vere svingingar i kraftprisen også framover, sa Mjøs Persen på pressekonferansen.
Det same poengterer statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
– Eg trur vi må førebu oss på at det kan bli meir berg-og-dal-bane i prisane, seier Støre til NTB.
Han viser til at Europa er i ein overgangsfase der det blir satsa meir på fornybar kraft, som vind og sol, og mindre på ikkje-fornybare energikjelder, som kol, olje, gass og kjernekraft. Det har gjort straumforsyninga meir sårbar, meiner han.
– I overgangen til det fornybare trur eg vi må vere førebudde på større variasjonar. Men potensialet er veldig stort, særleg innan solkraft, seier Støre.
(©NPK)

Energibransjen meiner fleire bør binde straumprisen

Vereide om straumhjelpa: – Folk kan møte jula med litt mindre bekymringar
