Gå til sidens hovedinnhold

Energi- og næringskonferansen Kraft i Vest er avlyst

Artikkelen er over 1 år gammel

Energi- og næringskonferansen vert i år avlyst grunna koronasituasjonen.

– Sjølv om det er trist, var det i år rett å avlyse konferansen, seier konsernsjef Johannes Rauboti i ei pressemelding frå SFE.

Konferansen er blant dei største i fylket og er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen i Vestland og Innovasjon Norge.

Konferansen som samlar omkring 300 personar årleg er alltid arrangert siste veka i september i samband med den lokale lokalmatfestivalen på Sandane.

–Vi vil no arbeide godt fram mot neste års konferanse for å sikre publikum eit spreitt fagleg program med tidsaktuelt innhald, lokal mat, tonar frå folkekjære artistar. Vi tilbyr ein arena for nettverksbygging på tvers av bransjar, seier kommunikasjonssjef i SFE Jannicke Lindvik.

Kommentarer til denne saken