– Eg hadde lyst til å på eit vis hjelpe til i høve situasjonen i Ukraina. Det er ikkje så ofte det dukkar opp ei slik moglegheit, seier Endre Johnsen.

Han jobbar til dagleg som baseleiar på Luftambulansebasen i Førde. Han er frå Vassenden, og har i eitt år også vore frivillig brannmann på deltid.

Kunne fått pengar – valte å donere

Nyleg kjøpte Sunnfjord kommunen ein ny, vel og merke brukt, brannbil. Med det vart den eldste brannbilen deira til overs.

– Vi la den gamle ut for sal på ei auksjonsside, fortel Bernhard Øberg, som er brannsjef og leiar for brann og redning i Sunnfjord kommune.

Der byrja boda å komme.

– Vi ville truleg fått oppunder 100.000 kroner for bilen, seier Øberg.

Det fekk dei ikkje. Parallelt med bodrunden vart dei kontakta av Norsk Ukrainsk brann- og ambulansestøtte: Ein humanitær organisasjon som jobbar med å donere brann- og ambulansemateriell til brannvernet i Ukraina. Firda har tidlegare skrive om då dei overleverte brannbilen frå Solund til Ukraina.

– Dei spurte oss om å vi kunne tenke oss å donere bilen til dei, slik at dei kunne sende den til Ukraina i staden.

Etter ei runde med kommunedirektør Jan-Inge Hage, fekk dei klarsignal for det.

Treng ein «sjåfør-mekanikar»

Eit sjølvsagt krav til sjåføren er førkort for tunge køyretøy.

– Vi tok ein runde internt og fekk ein handfull kandidatar. Eitt av krava var at det var ein motorkyndig person, seier Øberg.

Ein gammal brannbil er nemleg ikkje vant med så lange turar.

– Ein brannbil står for det meste av livet i ro. På ein så lang tur kan det til dømes blir litt varmgang, seier Øberg.

At valet fall på Johnsen er ikkje så rart: Han utdanna seg til bilbergar i førstegongstenesta. Det har han også jobba som i det sivile liv.

– Eg er også utdanna mekanikar for tunge køyretøy, og har vore yrkessjåfør på tunge køyretøy, seier han.

Lang tur

Johnsen seier at det blir ein lang tur, men at det skal gå fint.

– Vi legg opp til dagsetappar på åtte timar. Vi tek også nattferja til Polen, så då får ein kvile der.

At turen er for ei god sak, hjelper også på motivasjonen.

– Det hadde vore verre å gjere dette som ein vanleg jobb, seier han og ler.

Turen går til Austlandet, via Sverige og dei tek ferje til Polen. Så går ferda til den ukrainske grensa.

– Etter planen blir det mellom 2 og 10 mil inn i Ukraina.

– Kva tenker du om å reise inn i eit land som er i krig?

– Vi skal halde oss langs grensa, og er eit godt stykke unna der dei store kampane føregår.

Han seier han ikkje ser så mørkt på dette.

– Det ligg ein viss risiko i dette, men det området vi skal til er eit område der det føregår mykje frivillig transport til. Eg trur dette er ganske trygt, seier han.

Johnsen er sambuar, snart gift, og har tre barn. Han måtte difor ta ein runde på heimebane før han sa ja.

– Eg venta halvvegs beskjed om at dette, det må du ikkje finne på. Men svaret eg fekk vart tvert i mot at eg fekk lov, sidan det er ei god sak. Så det gjekk betre enn venta.

Tidleg i februar reiser Johnsen til Austlandet. Der skal konvoien på rundt 20 køyretøy samlast før dei reiser sørover.

– Flest brannbilar, og nokre ambulansar. Og nokre semitrailerar i tillegg, med diverse utstyr til brannvernarbeid og ambulansar.

Turen er ulønt fordei som bidreg, så lønna blir turen og opplevinga undervegs. Og kjensla av å bidra.

– Eg har søkt ei veke permisjon frå jobben her på luftambulansebasen. Og eg trur det blir ei kjekk oppleving.

Høgdepunktet blir å komme ned, overlevere utstyret og møte det ukrainske brannvesenet for litt opplæring.

– Det å få vere med på å levere noko som er nødvendig i Ukraina, det trur eg blir høgdepunktet for min del.

Meir liv på tanken

Brannbilen er ein Mercedes-Benz 1982 modell.

– Den er opphavleg bygd som flyplassbrannbil, og brukt i Berlin. Den vart importert til Skjåk i si tid, og var der lenge. Vi kjøpte den i 2007, seier Øberg.

At den er bygd med tanke på bruk på ein flat flyplass har brakt med seg to utfordringar.

– Den har vasstank på 5000 liter. Kravet til brannvesenet er tank på 8000 liter, seier Øberg.

Bilen er heller ikkje den sprekaste.

– Den er bygd for flatt lende. Den er noko undermotorisert for bruk på bratte vestlandsvegar. Når den møter motbakke så går det frykteleg sakte, seier Øberg.

Dei understrekar at det er ein god bil.

– Bilen er i godkjent stand, og har mykje bruk igjen i seg. Vi har fått sponsa service av Førde-bedriftene Meca og Bildeler for å gjere den rusta for denne turen, seier brannmann Jan Svoen.

– Det er også ein laga ein Spleis, som heiter kolonne 8, for å samle inn pengar til drivstoff på turen.

Det er ikkje berre brannbilen som blir sendt frå Sunnfjord til Ukraina. Med seg på turen får den også diverse utstyr. I oppgangen på brannstasjonen på Øyrane står detmellom 12 og 15 kassar.

Når det vart kjent i brannvernsmiljøet at dei skulle sende bilen til Ukraina, ville brannvesenet i Kinn også bidra.

– Vi sender nedover ein del utstyr som vi har samla inn frå eigne stasjonar, seier Svoen.

– Det er klede, hjelmar, slangar og anna materiell som er nyttig i høve brannarbeid. Blant anna sender vi 25 sett med brann-klede og hjelmar, seier Svoen.

– Dette er eldre utstyr, som framleis har god bruksverdi, som vi håpar kjem til nytte der nede, seier Øberg.

Les også

Luftambulansen henta Ingvar (67) her. Eit par månader etter gjekk han til topps på fjellet bak