– Det var fleire lag på ruta, så dei har ikkje klart å komme seg inn, seier etterforskingsleiar Stine Marie Vårdal ved Førde Lensmannskontor torsdag ettermiddag.

Innbrotsforsøket skal ha skjedd tysdag denne veka, rundt klokka 19.00. Ei rute i eit hus i byggefeltet Bygstadhaugane i Gaular blei knust. Huseigar var ikkje heime då det skjedde. Det var ein nabo som oppdaga at ruta var knust og som melde frå til politiet. Politiet har føretatt åstadundersøking og sikra spor på staden. Materiale er sendt inn til analyse, men ifølge Vårdal vil det ta tid å få svar på dette.

– Det er observert ein bil i område, men så langt har vi ikkje så veldig mykje å gå etter, seier Vårdal.

Skal gjennomføre rundspørjing

Politiet har snakka med fleire vitne i området, og skal torsdag kveld gjennomføre ei rundspørjing i nabolaget.

– Vi prøver å samle det vi kan av informasjon og sjå om det er nokon som sit på tips som kan føre til noko konkret.

Rumenarar er lauslatne

Dei siste vekene har det vore ei rekke innbrot og innbrotsforsøk fleire stader i fylket. Førre fredag arresterte politiet to rumenske menn som blei sikta for å stå bak seks innbrot. Måndag blei dei varetektsfengsla i to veker, men onsdag blei begge lauslatne. Politiet skal ha funne elektroniske bevis som tilsa at mennene ikkje kan ha vore på åstadane dei var sikta for å ha brote seg inn på.

Mennene har ikkje lenger status som sikta, men er heller ikkje sjekka ut av etterforskinga av saka.

– Ser de innbrotsforsøket i Bygstad i samanheng med dei seks tilfella som mennene var sikta for?

– Vi kan ikkje utelukke at dette heng saman med dei, seier Vårdal.