Emilie Skrede er atten år og har bursdag første januar. Skrede organiserte det slik at ho fekk ta oppkøyringa allereie den fjerde januar. Ho går på Hafstad vidaregåande skule og er eldst i kullet sitt.

– Det var litt rart å køyre første gongen åleine. Det var rart at det var ingen der som skulle seie til meg kva eg skulle gjere, seier ho.

Tal frå Norges Trafikkskoleforbund viser at over halvparten av nordmenn tek førarprøva med automatgir. Med det førarkortet har ein ikkje løyve til å køyre bilar med manuelt gir.

– Ikkje bilinteressert

Skrede seier ho ikkje er bilinteressert og at foreldra hennar sine bilar er med automatgir.

– Nokon seier at om ein vil har sommarjobb, så må ein ha manuelt-lappen, men for eksempel både Peppes og Dolly har automatgir. Eg vil ikkje trenge det.

Grunnen til å ho tok lappen så kjapt etter bursdagen er ikkje ut av bilinteresse, men av praktiske omsyn.

– Vi bur ved Slåtten og eg vil ikkje gå om eg skal til sentrum. Difor ville eg ha lappen med ein gong.

I sommar planlegg ho og nokre venninner å reise på Palmesus, ein festival i Kristiansand, og då skal Skrede køyre sin første langtur.

– Over halvparten tek førarprøva med automatgir

Aldri før har så mange køyrt opp med automatgir, skriv NTB.

I 2022 valde 51 prosent automatgir. Tala viser også at dei som køyrer opp med automatgir, stryk oftare enn dei som køyrer opp med manuelt gir.

No handlar trafikkferdigheiter om mykje meir enn giring, påpeikar administrerande direktør Rolf Gregersen i Norges Trafikkskoleforbund.

– På få år har bilen gått frå å vere eit mekanisk verktøy til å bli ei avansert datamaskin. Det påverkar førarrolla, seier han.

I Oslo har andelen som tek førarprøva med automatgir auka frå 32 prosent i 2018, til nærare 70 prosent i 2022.

Vidare understrekar Gregersen at dei utsleppsfrie køyretøya for alvor har innteke trafikkskulebransjen.

I Norge er det registrert 3.035 skulebilar, og andelen elbilar aukar – nær 80 prosent av nye trafikkskulebilar i 2022 var elbilar.

– Det er ingen grunn til å lære seg å køyre bil med gammal teknologi, legg Gregersen til.