– Emil er vaken, og har det etter omstenda bra. Han vil bli vidare undersøkt og behandla ved Haukeland Universitetssjukehus i dagane framover.

Det melder Sogndal Fotball tysdag ettermiddag.

Emil Pálsson (28) fall om på bana på Fosshaugane måndag kveld. Det viste seg at han hadde fått hjartestans. Han vart vellykka gjenoppliva og send til Haukeland med luftambulanse.

Tysdag ettermiddag informerte klubben om at 28-åringen var stabil.