Emil Hage Streitlien frå Folldal IL og Stryn vidaregåande skule tok sølvmedalje under søndagens fellesstart i norgescupen i skiskyting på Oppdal. Streitlien går i klassa menn 18 år. Maria Tistel frå Vik IL/Stryn vidaregåande skule var den einaste som skaut feilfritt med fire fulle hus under søndagens fellesstartar.

Det melder Nordfjord Team Skiskyting i ei pressemelding.

Leia frå start til mål

Streitlien var i leiinga frå start til mål etter svært god skyting og god fart i sporet. Etter to fulle hus på liggande vart det 4 treff på første ståande og 3 treff på andre ståande. Streitlien kom i mål 29,6 sekund før sølvvinnar Ivar Slupphaug frå Orkdal IL. Jakob Høsøien frå Tynset IF tok bronsemedaljen.

Einaste av 300 utan bomskot

Maria Tistel frå Vik var den einaste av nær 300 deltakarar i ungdomsklassane som skaut fire fulle hus under fellesstartane på Oppdal. Det vart til tider svært vanskeleg skyteforhold og fullt hus under slike forhold er imponerande god skyting. Tistel kom på 14. plass i klasse kvinner 18 år. I denne klassa kom Ingrid Heggen frå Stårheim IL/Stryn vidaregåande skule på 16. plass.

I den store klassa for menn 17 år kom Magnus Skeide Bakke frå Eid IL-skiskyting/NTG-Geilo på 11. plass og Martin Straumsheim frå Fossum IF/Stryn vgs kom på 14. plass.

I kvinner 17 år følgde Maren Hjelmeset opp ein flott 2. plass på laurdag med ein 8. plass i fellesstarten på søndag.

Nedanfor følger andre resultat frå fellesstarten for ungdom, samt lokale utøvarar som deltok i sprint for ungdom og fellesstart for junior/senior. Resultatlista for sprint for junior/senior er ikkje klar, men kan lesast her når den er ferdigstilt.

Andre resultat frå fellesstarten for ungdom 5. januar:

Kvinner 17 år:

Hedda Garlid Hilde frå Markane IL/Stryn vgs på 22. plass.

Menn 17 år:

Hallvard Engeset Woldsund frå Volda Turn og IL/Stryn vgs på 52. plass

Sondre Roset frå Hardbagg IL/Stryn vgs på 66. plass.

Menn 18 år:

Oskar Guddal Breivik frå Markane IL/Stryn vgs på 29. plass

Jens-Henrik Hegg frå Vik IL/Stryn vgs på 35. plass

Bendik Vereide frå Stårheim IL/Stryn vgs på 40. plass.

Menn 19 år:

Magnus Midthjell Gjørven frå Markane IL/Stryn vgs på 23. plass

Martin Aaland frå Hardbagg IL/Stryn vgs på 37. plass

Torjus Engeset Woldsund frå Volda Turn og IL/Stryn vgs på 41. plass

Lokale resultat frå sprint laurdag 4. januar

Kvinner 17 år:

Maren Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Stryn vgs. på 2. plass

Hedda Garlid Hilde frå Markane IL/Stryn vgs. på 31. plass

Kvinner 18 år:

Ingrid Heggen frå Stårheim IL/Stryn vgs. på 19. plass

Maria Bertine Sleire Tistel frå Vik IL/Stryn vgs. på 30. plass

Menn 17 år:

Magnus Skeide Bakke frå Eid IL på 12. plass

Marring Straumsheim frå Fossum IF/Stryn vgs. på 13. plass

Menn 18 år:

Bendik Vereide frå Stårheim IL/Stryn vgs. på 7. plass

Oskar Guddal Breivik frå Markane IL/Stryn vgs. på 17. plass

Jens-Henrik Hegg frå Vik IL på 18. plass

Menn 19 år:

Magnus Midthjell Gjørven frå Markane IL/Stryn vgs. på 36. plass

Lokale resultat frå fellesstart (junior/senior) laurdag 4. januar

Menn 20-22 år:

Johan-Olav Smørdal Botn frå Stårheim IL/Team Hugaas på 10. plass

Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL/Team Woodcon på 25. plass

Erlend Bakken frå Markane IL på 49. plass

Eirik Markus Rinde frå Vik IL/Team Glalaks på 52. plass

Menn senior:

Ole Martin Erdal frå Førde IL/Holmenkollen Biathlon på 4. plass

Lasse Virkesdal frå Vik IL/Team Glalaks på 28. plass