Måndag morgon blei fylkesveg 55 ved Naustknubben i Luster stengd etter at ei elv fløymde over.
– Vi har fått melding frå ein bebuar i området om at ei elv har gått over sine bredder og danna nye vegar nedover jordet, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt 06:20.
Vassmengdene tok med seg jord og stein, som la seg utover fylkesvegen. Entreprenør og politi rykte ut til staden.
– Ingen bustader, personar eller dyr skal ha blitt tekne av vassmengdene, sa Kolltveit.
Det var behov for gravemaskin for å få kontroll på vassmengdene, opplyste Vegtrafikksentralen like før klokka 07:30.
– Ein må grave for å stogge at elva renn over vegen. Det er usikkert kor lang tid dette vil ta, men truleg eit par timar, sa trafikkoperatør Andreas Egenes Herland.
Klokka 07:44 melder Vegtrafikksentralen at dei har opna eitt køyrefelt og at det er manuell dirigering på staden.