Gå til sidens hovedinnhold

Elsparkesykkel stengde Høyangertunnelen

– Eg har aldri opplevd at vi må stenge for elsparkesyklar tidlegare, seier Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen Vest.

Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 15.35 at Høyangertunnelen på Fv. 55 var stengd.

Årsaka var ein elsparkesykkel i tunnelen.

– Vi har fått høyre frå ein innringar at det er ein person på elsparkesykkel som er på veg frå Balestrand-sida og mot Høyanger. Og sidan det er sykkelforbod i tunnelen, så blir vi nøydd å stenge, sa trafikkoperatør Nina Heggernes ved Vegtrafikksentralen Vest til Firda kort tid etter stenginga.

– Ein elsparkesykkel gjennom Høyangertunnelen? Det er jo ein bra lang tunnel. Har de opplevd det tidlegare?

– Ein har stengd for syklistar tidlegare. Men eg har aldri opplevd at vi må stenge for elsparkesyklar tidlegare, seier Heggernes.

Nettopp grunna at Høyangertunnelen er 7,5 kilometer lang, tok ferda gjennom tunnelen naturleg nok litt tid. Heggernes fortel at innringar sa at føraren var om lag halvvegs då Vegvesenet fekk telefonen.

Politiet var blitt varsla om hendinga, men Heggernes fortel at ikkje kom til å rykke ut. Den tunnelkøyrande el-sparkesyklisten slapp difor unna med dette, sjølv om det normalt sett truleg hadde blitt straffa med ei bot.

– Vi har heller ikkje kamera inne i tunnelen. Vi må berre satse på at han køyrer ut på andre sida, sa Heggernes medan føraren framleis var i tunnelen.

Ho håpa og trudde at personen ikkje hadd grunn til å bli lenger i tunnelen enn han måtte, og at vedkommande ville køyre rett gjennom. Vegvesenet venta difor at tunnelen ville vere opna innan om lag eit kvarter.

Nøyaktig klokka 16.00 vart tunnelen opna att for fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken