– Covid-19 held fram med å påverke dei globale marknadene, med negativ effekt både på etterspurnaden og salsprisar. Trass i desse utfordrande marknadsforholda, oppnådde Elkem sterke salsvolum og stabile resultat i andre kvartal. Dette speglar av den sterke konkurranseevna vår, seier konsernsjef Michael Koenig i ei pressemelding.
Dei samla driftsinntektene til selskapet for andre kvartal i år var 5,88 milliardar kroner. Det er ein auke på 2 prosent frå same kvartal i fjor.
Driftsresultatet før av- og nedskrivingar enda på 644 millionar kroner, som er tilnærma identisk med same kvartal i 2019.

Les også